tirsdag 17. november 2015

 
Årets siste sauesamling fekk eg vera med på ein solskinnsdag tidleg i november. Det minka på haustfargane, og det var nesten ikkje sau igjen, heldigvis. 





Me skilde lag omtrent ved tregrensa, og leita på kvar vår plass. Bonden fann den gamle sauen med eit lam. Stabeistet ville heimover, men ho ville absolutt ikkje gå med oss, så ho sette full fart så snart ho såg bonden, tildels med feil retning. Greit å vera to, så me kunne møta her og der. I det brattaste tok ho inn i ura, og la seg ned mellom nokre steinblokker. Der fekk me sett tau på henne, og så måtte me løfta og dra for å få henne tilbake til stien, for ho ville ikkje det same som oss. Deretter måtte me gå med sauen i band ned til bilen. Det vart ikkje akkurat ein enkel spasertur. Men me fekk i alle fall sauen heim.







mandag 12. oktober 2015

Dette året hadde me ein liten åker, der potetene var den største suksessen. Me har litt for mykje å gjera, og har ikkje brukt så mykje tid på luking og åkerstell.. Likevel har me alltid håp om at neste år blir det bedre.
Alle ungane var med og hausta poteter. Veldig variabel avling, men me fekk i alle fall eindel flotte. Dei smakar godt, og me har nok til eindel middagar framover.


mandag 5. oktober 2015

Takknemlighet.

Denne helga har eg og maen vore på Austlandet, i bryllup, og på besøk hjå 'gamle' venner.
Så godt å møtast att, og kjenna at vennskapen er der, og at me kjenner kvarandre, sjølv om det er nokre år sidan sist me møttest.
Huset har skifta farge, kjøkkenet er nytt, ungane er fleire og hunden er ny. Men vennene våre, dei er seg sjølv, verdifulle skattar.
Me er jammen heldige som har akkurat desse folka i livet vårt. Heldige som kan komma hit, senka skuldrene og kjenna at her er det godt å vera.

tirsdag 1. september 2015


Hodlestadnut i Etne er eit flott mål for ein søndagstur. Denne gongen var me så heldige å få med oss ei tante, ei kusine, ein kamerat, og to hundar, i tillegg til oss 6 med ein hund.
Litt startproblem med ein kalv på feil side av gjerdet, men me fekk kalven på plass og orden på gjerdet, så me kom oss på tur.



Sjå den flotte utsikten her, seier eg. Mamma, kva er utsikt? seier veslesøster, som er meir oppteken av å plukka blåbær.


Både blåbær og sjokolade gjer godt for små føter på tur. Etter turen smakte det godt med vafler og is hjå Besto og Besten, og eit bad i sjøen for dei tøffaste.




tirsdag 18. august 2015


På slutten av ferien fekk me omsider tatt oss nokre dagar hjå søstera mi i sør-fylket. Her er det også fint å gå tur, og denne gongen fann me eit stort område med markjordbær, og elles ein del blåbær.


Veslebror sov i bæreselen forbi markjordbæra, men vakna då me kom til blåbærlyngen. Heldigvis for han var det ennå nokre jordbær igjen i storesøster sitt spann.
Det må vera fint, å ta seg ein lur, og så vakna ute i skogen og få servert nyplukka bær..


mandag 10. august 2015


Sommar er mellom anna å ta badeklærne på og springa ned til vatnet og ta seg ein dukkert. Då er det ikkje så farleg om det ikkje er kjempevarmt i lufta, for det er så kort heim til varme klær.


Me bada mykje i vatnet då eg var liten, men etter ein periode med mykje alger vart det slutt på det eindel år, og så har me ikkje heilt funne tilbake. Nå er det søylebotn og mykje vannliljer på badeplassen vår. Ungane likar best å bada i sjøen, men det går fint å bada i vatnet vårt innimellom, om det ikkje passar å gå til sjøen. Og kanskje blir det bedre etter kvart, viss me går inn for det.