Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

fredag 12. januar 2018


Ein av julepresangane me fekk i fjor, var lysdypping i godt lag, hjå Litledalen Lys i Etne. Me fekk laga våre eigne lys, og me fekk god mat. Veldig kjekk julepresang.


Då me hadde fødselsdagsselskap nokre dagar seinare, kunne bursdagsbarnet blåsa ut egenproduserte lys.




tirsdag 22. desember 2015

Mykje innevær for tida, i alle fall på mørke ettermiddagar. Men me gler oss til jul, og lysare tider.
Og fantasi og gode bøker er alltid godt å ha.




mandag 23. desember 2013

Kålrotstappa er i alle fall i rute.
Juletreet ventar på å få komma inn, nokre pakkar ventar ennå på innpakking, huset ser ut sånn omtrent bra nok, og klærne til i morgon finn me vel ut av. Bilen er i det minste ryddig, og i dag har me baka nokre fantastisk gode pepperkaker frå ny oppskrift. :)
Med ønskje om ei God Jul!

mandag 10. desember 2012

Tid for julekort. Ja, me er alltid litt seint ute, det er ikkje alltid så lett å finna tid til alt som skal gjerast. Men i dag var altså dagen kommen for fotografering til julekort.
Dette bildet er ikkje Julekortbildet med stor J, men det syner korleis fotograferinga gjekk føre seg. Ekstra stas å gjera ablegøyer med ei lita hermegås på laget...
Elles så er me godt i gang med presangar, nokre er alt avlevert, og me har bakt kakemenn og peparkaker. Kakemenn lagde me ganske mange av, men dei minkar fort på mystisk vis...