Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg

mandag 19. mars 2018



Jammen klarte me å komma oss på vintertur til hytta denne vinteren!
Me reiste litt før skulen slutta på fredagen, og fekk med oss solnedgang og skumring på vegen. Ned siste bratte bakken til vatnet, var det så mørkt at det var vanskeleg å sjå kor bratt det var, men det var ingen problem når me tok skia av og gjekk.
Hytta var iskald fredag kveld, så det var godt med ulltepper og tjukke dyner, men i løpet av laurdagen vart det dualeg varmt. Me koste oss med aking, snøholegraving, skitur, sol, god mat, varm hytte, og litt påskestemning på heimvegen på søndagen.
















mandag 14. mars 2016



Årets skitur til hytta hadde me denne helga. Eg og maen var oppe på onsdag med proviant, og fredag reiste heile familien. Strålande sol og nesten ikkje vind. Makalaust flott.
5-åringen bytta på å sitja i pulken og å gå sjølv på ski. 2-åringen sat godt i pulken, men syns det var kjekkast når dei sat der begge to.
Laurdag var me ute på tur, akte, øvde på ploging, grilla pølser på bål, fiska på isen, gravde snøhole mm.
Søndag gjekk me heim i skodde og yr. Og alle syns me hadde hatt ein flott tur.












tirsdag 10. februar 2015


Helga for to veker sidan var Jostein til fjells ilag med bror sin.
Eg syns det er flott at han reiser til fjells, men eg kjende på frustrasjon over at eg heller ikkje denne gongen kunne bli med. Igjen sat eg att heime, denne gongen utan bil, og utan energi til å gjera noko spennande ilagmed ungane.

Veka etterpå såg Jostein eit tilbud på pulk/sykkelvogn, og spurde om me skulle kjøpa den og ta ein tur til Nonsbu heile familien? (Eigentleg eit dårleg teikn at me ikkje har skaffa oss pulk for lenge sidan, men..) Eit slik forslag var klingane musikk i mine øyre, så eg sa JA, og reiste på butikken tidleg neste dag for å kjøpa pulk. Der hadde dei ikkje fått inn denne pulken som dei hadde tilbud på, men etter litt om og men, fekk me kjøpt den etter kvart. Værmeldinga var lovande og hjertene gleda seg. Ungane hosta, og nettene var ikkje dei beste, værmeldinga forverra seg noko, og tvilen kjempa mot lengten etter fjellet.

Onsdag gjekk Jostein inn til hytta med proviant, eg sydde sitteunderlag av reinsdyrskinn og ullteppe til å ha i pulken, torsdag pakka me, og me ba dei store fri frå skulen fredag. Værmeldinga sa flott fredag, dårleg laurdag og ok søndag. Og så reiste me, fredag morgon.


Sola skein frå blå himmel, nesten ikkje eit vindpust å kjenna, føret var bra og dagen var makalaus. Me brukte god tid inn til hytta, hadde gode pausar og pulken virka bra for både førar og passasjerar.
Etter fem timar ute på ski var det godt å koma fram til hytta, fyra og laga mat.

Laurdag var været veldig skiftande, med mykje luft og snø, men og glimt av sol. Me heldt oss i og rundt hytta, fyrte og hadde det varmt og godt.



Søndag prøvde me å koma tidleg ut døra, sidan værmeldinga lovde snø og etter kvart regn utover dagen.


Me kom ikkje så langt før det vart godt med snø i lufta, så det vart ein kvit tur, med kort matpause. Dei i pulken hadde det lunt og godt, men syns det var lang nok tur i ruskaværet.
Etterpå smakte det godt med middag og kake på Rygg hjå bror til Jostein, før me fortsette heim til eit iskaldt hus.


Alt i alt hadde me ein makalaus tur, med mykje vær og mange flotte opplevingar.


mandag 25. februar 2013

Påskestemning


Me hadde bestemt at me skulle på skitur, alle saman. Stappa oss inn i bilen. Det går mykje i ein touran, men uten takrails og boks så er det rimeleg fullt med fem folk, fire par ski, rattkjelke, akematte, ved, mat, ekstra klede og beremeis... Sidan det ikkje alltid er så enkelt å koma frå garden, og ikkje alle er like ivrige heile tida, så har me heller ikkje investert i takrails og boks, fjellpulk mm, så då må me bare sjå kva me får til. Og det er mykje som går. 
Merka eg kunne trengt litt meir trening i å gå på ski med 2-åringen i beremeis, men det viktigaste er jo ikkje å komma fort fram. Me kom ikkje så langt heller, måtte jo heim att til fjosen, men me kom oss ut, i snøen og sola... Yess!!

Det var grov vårsnø, med lyng og kvister stikkande opp, strålande sol som varmde godt frå skyfri himmel, og nesten ikkje eit vindpust. Pølser på bålet, og kakao i koppen. Det kan ikkje bli så mykje betre enn det.


mandag 18. februar 2013


I helga var me på hyttetur. Å herlege fjell! Eg, maen og spreke 9-åringen. Det var ein liten helgetur frå fredag til laurdag. Me gjekk innover eit vindfullt fjell på fint føre med skare og fokksnø. Glimt av sol, men god nytte av fjellduk, sjokolade og varm kakao.

Hytta vart fort varm, og laurdagen opprant med sol og vindstille. Me fekk ein fin føremiddag ute i sola, med tur med og utan ski på vatnet, graving i snøen, og litt isfiske bare for å prøva, sidan me hadde isbor. Isen var ca 60cm, og fisken ville ikkje bita, men det gjorde ingen ting.  




Heimturen gjekk som ein leik, med eit par skifeller opp den lengste og brattaste bakken, og alle syns det var ein strålande tur. Gnagsåra vil me ikkje snakka om, berre håpar dei forsvinn til neste tur.