Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg

mandag 19. mars 2018



Jammen klarte me å komma oss på vintertur til hytta denne vinteren!
Me reiste litt før skulen slutta på fredagen, og fekk med oss solnedgang og skumring på vegen. Ned siste bratte bakken til vatnet, var det så mørkt at det var vanskeleg å sjå kor bratt det var, men det var ingen problem når me tok skia av og gjekk.
Hytta var iskald fredag kveld, så det var godt med ulltepper og tjukke dyner, men i løpet av laurdagen vart det dualeg varmt. Me koste oss med aking, snøholegraving, skitur, sol, god mat, varm hytte, og litt påskestemning på heimvegen på søndagen.
















mandag 7. august 2017


Årets ferietur hadde me på hytta. Kort veg, men vekk frå kvardagen. Utan straum og innlagt vatn. Dårleg dekning på telefon og mobilnett.
Lange lyse kveldar, og seine late morgonar. Tunge sekker, grei sommarvarme, bading, fisking, pannekaker på bål, blåbær, småturar, utslitne støvlar og regnklede, knott, våte føter, kjeks og sjokolade, sol, ein del regn, tid til å lesa bøker (i fleirtal), gode minne.






















 

søndag 23. juli 2017


Hardangervidda. Sommar og sol, bading, litt snø og litt sauer.








torsdag 27. oktober 2016


Eg fekk meg ein aleinefjelltur her om dagen.
Me skulle opp i sauebeitet og henta eit gjerde omtrent ved tregrensa, men så måtte Bonden vera heime og passa på nokre dyr. Eg hadde tatt fri frå jobb for å vera med, og dagen var gyllen av sol i haustfargar. Frost i bakken og is på pyttar og tjern, og ikkje eit vindpust. Stillhet.



Sjølvfi med telefonen, med automatisk 'skjønnhetsfilter'.

fredag 22. juli 2016


Hyttetur er aldri feil. Værmeldinga lovde vått vær laurdag og søndag, så me pakka og tok ut etter middag torsdag, etter at nokon av oss hadde vore på arbeid og i barnehagen. Deilig med lyse sommarkveldar som gjer dette mogleg. Me var inne ved hytta ca kl 22, så då vart det sein kveldsmat og godt å leggja seg.



Fredag gjekk me tur, plukka blåbær og sette garn. Ei stund kom sola fram, og då vart det så varmt at me måtte hiva av oss nokre klær. Nokon av oss vassa.




Laurdag trekte me garn. Fekk 12 fine fiskar som me steikte til lunsj, før me pakka og gjekk heimover.





Laurdag var det regnbyger som me var ganske heldige med, så me vart ikkje altfor våte. Ein flott tur denne gongen og.