mandag 25. juli 2011


Det har vore ei kontrastrik helg. Ufattelige nyhende om terror.


Men også sterke solglimt, som at me på søndag vart tante, onkel og søskenbarn til ei lita jente. =)


mandag 18. juli 2011


Den minste solstråla vår er minst like strålande som dei andre. Nåke så herligt. =)




torsdag 14. juli 2011

museumsvindu i Lillesand


Ferie. I går kveld kom me heim frå ferie, utan Jonas og Selia, som stoppa nokre dagar til hjå tante og onkel og søskenbarn.
Me har hatt ein fin tur. Over Haukeli, ned Setesdalen, til Lillesand, der me stoppa nokre dagar, og heimover om Sandnes. Har besøkt masse kjekk slekt, og Jonas og Selia storkoste seg i Dyreparken ein dag.
Rakel har fått to tenner, ho snakkar masse, og øver på løgne lydar.

tirsdag 5. juli 2011


I dag legg eg ut ein bildeserie frå Rakel sin første smak av graut.
Eg, Selia og Rakel hadde oss ein jentetur til byen. Me kjøpte ny stol til Selia, slik at Rakel kunne arva hennar stol, og så kjøpte me graut til Rakel. Då me kom heim, måtte jo Rakel få smaka grauten med det same...


Selia og pappa mata, mamma fotograferte, og Jonas filma. :)


Fine grimaser, og noko søl. Grauten fall i smak, og Rakel åt med stor entusiasme.