mandag 29. august 2011



Søndag var me til Freiåsen på friluftsgudsteneste. Me fekk sol i år og, men rikeleg med vind, så det var godt med ull og regnklede, sjølv om regnet venta til me var komne heim.





mandag 22. august 2011



Storajentå vår har begynt i første klasse. =) Det var litt spennande, men mest kjekt. Og så er det veldig greit med storebror i tredje klasse.



mandag 15. august 2011



Det er møkje spennandes her i verden som skal studerast.
Rakel er ei jente som vil ha med seg alt som skjer. Og ofte når ho har vore borte frå ein av oss ei stund, så bablar ho i veg med lange forteljingar som berre ho forstår. Undrar meg på kva ho tenkjer. :)



mandag 8. august 2011



Torsdag hadde me ein kjempeflott sommardag på Borgøy. Me vart henta med båt på kaien, og me koste oss masse med kjekke folk, bading, god mat, sol, (knott) sommarvarme, meir sol og meir bading. Tusen takk! =)