tirsdag 31. januar 2012

Sol!
Og snø, og lengre dagar, og ennå meir sol, og skiføre. :) Ungane har gått masse på ski siste dagane. Det skal ikkje så mykje til... Men med frost og skare, så har det faktisk gått unna, trass ganske grøne skibakkar.

I skogen var det mange musehol?, og det var noko som peip. Kanskje det var ei mus?

mandag 16. januar 2012

Sølevatn med litt knust is. Bjørk og or. Godt å vera ute. Kjenner eg kjem meg for lite ut for tida.

tirsdag 10. januar 2012

Nå har me feirt. :)
I barnehagen går det godt.
Og om kveldane går ho fram og tilbake i stova med armane til værs, eller til sides. Litt ustø ennå, men SÅ stolt over å gå sjølv.

tirsdag 3. januar 2012

Godt nytt år!
I dag har Rakel begynnt i barnehagen, stora jentå
    eller litla jentå...
Det gjekk veldig bra, ho vart godt mottatt, og ho fann både leiker og ungar som gjekk an å leika med.