Viser innlegg med etiketten fisk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fisk. Vis alle innlegg

mandag 7. august 2017


Årets ferietur hadde me på hytta. Kort veg, men vekk frå kvardagen. Utan straum og innlagt vatn. Dårleg dekning på telefon og mobilnett.
Lange lyse kveldar, og seine late morgonar. Tunge sekker, grei sommarvarme, bading, fisking, pannekaker på bål, blåbær, småturar, utslitne støvlar og regnklede, knott, våte føter, kjeks og sjokolade, sol, ein del regn, tid til å lesa bøker (i fleirtal), gode minne.






















 

fredag 22. juli 2016


Hyttetur er aldri feil. Værmeldinga lovde vått vær laurdag og søndag, så me pakka og tok ut etter middag torsdag, etter at nokon av oss hadde vore på arbeid og i barnehagen. Deilig med lyse sommarkveldar som gjer dette mogleg. Me var inne ved hytta ca kl 22, så då vart det sein kveldsmat og godt å leggja seg.



Fredag gjekk me tur, plukka blåbær og sette garn. Ei stund kom sola fram, og då vart det så varmt at me måtte hiva av oss nokre klær. Nokon av oss vassa.




Laurdag trekte me garn. Fekk 12 fine fiskar som me steikte til lunsj, før me pakka og gjekk heimover.





Laurdag var det regnbyger som me var ganske heldige med, så me vart ikkje altfor våte. Ein flott tur denne gongen og.





onsdag 13. august 2014


Endelig hyttetur.
Den planlagde hytteturen ved skuleferiestart vart avlyst grunna fall frå taket. Dei to største ungane skulle plukka jordbær på taket, då storesøster plutseleg datt ned. For sikkerhets skuld fekk ho ein ambulansetur til sjukehuset for sjekk. Heldigvis var ingen ting brekt, men det var vondt å gå nokre veker etterpå. Nå er ho heilt fin att.


Sommaren har gått utruleg fort, og i morgon startar skulen att. Med avgjelde kyr klarte me å nytta siste rest av ferien til ein fjelltur. Værmeldinga var ikkje optimal, med utsikter til store nedbørsmengder. Men lengten etter fjellet var stor, og det våtaste været var venta til heimturen, så me la igjen tørre klær i bilen, tok fjellduken med til veslebror i tilfelle skikkeleg ruskavær, og gjekk av stad på søndag. Myrane var våte, og snart synte det seg at alle ungane hadde hol i støvlane. At me ikkje hadde oppdaga det før må vera eit teikn på ein tørr sommar, med for lite fjellturar...


Turen innover til hytta gjekk fint, litt sol, litt vind, litt sjokolade, nokre froskar - den eine fekk seg eit kyss, og ein treåring som gjekk heile vegen sjølv. Om kvelden sette me garn, som hadde åtte fine fiskar neste morgon.


Utpå dagen på mandag vart det dårlegare vær, og det heldt seg til me kom heim tysdag, med veldig variabel vind, og nokre intense byger, men ikkje så gale innimellom. Me fekk god bruk for ullkær og regnklær, og ingen snakka om bading. Me hadde masse god mat, og me fekk masse frisk luft.








mandag 5. august 2013

Torsdag reiste me på hyttetur. Det var noko tung bør, med m.a. 10 liter beis, mat for 4 dagar og ein 2,5-åring som berre delvis gjekk sjølv på innoverveg og sov seg heimover. Men det gjekk godt. Det vart ei helg med mykje vèr, med ein skikkeleg varm fredag, mykje vind og tildels mykje nedbør fleire dagar og ein heil del torevêr. Me fiska, bada, rodde tur, plukka blåbær og spelte eindel yatzy. Det var godt å vera i fjellet, og litlajentå ville absolutt ikkje heim i går.

tirsdag 30. juli 2013

Sist veke fortalde eg at me heldt på å gjelda av kyrne, sidan dei skal ha pause frå mjølkinga før kalving. Første morgonen utan mjølking troppa kyrne opp ved fjøset som vanleg. Ved ein glipp var ikkje grinda skikkeleg lukka igjen, så då gjekk sjølvsagt kyrne ut på tunet og bort i ekra... Me oppdaga dei før dei var komne langt, og det er god hjelp i hundane, så me trong ikkje springa så veldig mykje for å få dei på plass.

Brunosten som vart kokt, kan ikkje heilt måla seg med den me fekk til sist gong, men den er godt etande. Den kvite osten har me laga salatost av, som ligg i olje med kvitløk og peppar. Den har me ikkje smakt på ennå..

Sjøen har fått ganske så bra temperatur, og med fleire varme dagar har ungane blitt stadig betre symjarar.

Her ei natt var det mykje av både regn og vind, og då me kom ut i hagen var der eit rotvelta tre, som hadde lagt seg på hønshuset. Så då måtte me skoga litt i hagen òg, ikkje berre på taket.

Dagen fortsatte med vind og god kletørk, men eg ser eg treng fleire kleklyper, ja.

Elles har me plukka markjordbær på taket, og me har smakt på salaten frå åkeren.
Nokon av oss har fiska, og plukka vannliljer, og me har vore hjå legevakten med ein fiskekrok i fingeren.Hjå ein lege som ikkje forstod kva ein fiskekrok var, så det vart noko plundrete.
Me har funne nylagt egg i barnevogna utføre huset,  og me har feira 70-årsdag. 
Sommarvasking av fjøsen er i gang, og beis til huset er innkjøpt, mm.

fredag 5. juli 2013

ferie

I går kveld kom me heim frå ei fantastisk veke i Nord-Norge. Me har vore på slektstreff i Sørfold i Nordland, og me var knall-heldige med alt! Været var strålande med sommarvarme og sol nesten heile tida, masse god mat - mest fisk, flott natur og ikkje minst flotte folk som tok imot oss.
Fisking og tur på fjorden, og kveldsstunder i fjæra med bål og godt lag, fersk sei, smak av tradisjonsmat som feitlefs og gammelsei, og nydeleg grilla kvalbiff.
Me fekk til og med tid til litt fjellturar...  Kan det bli bedre?

mandag 24. juni 2013


Når sauene skal til fjells leiger me transport hjå Nortura, og då skal det passast inn med deira henting av slaktedyr etterpå. I år var me så heldige at fjellsendinga vart på ein dag med varme og strålande sol. Ikkje den varmaste dagen, men ein fantastisk flott dag til fjells. Det vart jamvel bittelitt bading i ein bekk på veg ned.

Då me kom heim lagde ungane middag med fiskepakkar på bålpanna, med eigen fangst frå vatnet her heime.


mandag 13. mai 2013

Kan det vera fisk? Kan det vera at me ikkje blir våte? Viss bare me når litt lengre ned, under brygga kanskje, i alle fall nedi vatnet...

mandag 11. februar 2013

isfiske




Vinteren har ikkje forlatt oss, og isen er framleis tjukk, sjølv om det ikkje er same kvaliteten som for nokre veker sidan. Laurdag var det trekking av garn på fjorden. Det er noko som ikkje skjer så ofte. Ein kald fornøyelse, men ei oppleving. Det er alltid kjekt når me får fisk, men og veldig greit å vera mange som skal dela på fisken når det er så mykje.


 
 

 Mykje stor sei. Mange gode middagar her.