tirsdag 30. juli 2013

Sist veke fortalde eg at me heldt på å gjelda av kyrne, sidan dei skal ha pause frå mjølkinga før kalving. Første morgonen utan mjølking troppa kyrne opp ved fjøset som vanleg. Ved ein glipp var ikkje grinda skikkeleg lukka igjen, så då gjekk sjølvsagt kyrne ut på tunet og bort i ekra... Me oppdaga dei før dei var komne langt, og det er god hjelp i hundane, så me trong ikkje springa så veldig mykje for å få dei på plass.

Brunosten som vart kokt, kan ikkje heilt måla seg med den me fekk til sist gong, men den er godt etande. Den kvite osten har me laga salatost av, som ligg i olje med kvitløk og peppar. Den har me ikkje smakt på ennå..

Sjøen har fått ganske så bra temperatur, og med fleire varme dagar har ungane blitt stadig betre symjarar.

Her ei natt var det mykje av både regn og vind, og då me kom ut i hagen var der eit rotvelta tre, som hadde lagt seg på hønshuset. Så då måtte me skoga litt i hagen òg, ikkje berre på taket.

Dagen fortsatte med vind og god kletørk, men eg ser eg treng fleire kleklyper, ja.

Elles har me plukka markjordbær på taket, og me har smakt på salaten frå åkeren.
Nokon av oss har fiska, og plukka vannliljer, og me har vore hjå legevakten med ein fiskekrok i fingeren.Hjå ein lege som ikkje forstod kva ein fiskekrok var, så det vart noko plundrete.
Me har funne nylagt egg i barnevogna utføre huset,  og me har feira 70-årsdag. 
Sommarvasking av fjøsen er i gang, og beis til huset er innkjøpt, mm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar