tirsdag 22. mars 2016

Etter fire veker i spenning kom det pipelydar frå rugemaskinen vår, og det vart hol i det første egget. Desverre hadde den første kyllingen problemer, og den døde då den var komen ut av egget. Dagen etter kom neste. Denne var ut av egget på ein liten time, og den er frisk og rask.
Og så skjedde det ikkje meir med resten av egga. Så nå har me ein einsleg kalkunkylling, ein liten maskot. Den får bli innomhus ei stund til, og så får me håpa den blir venn med hønene etter kvart.


mandag 14. mars 2016



Årets skitur til hytta hadde me denne helga. Eg og maen var oppe på onsdag med proviant, og fredag reiste heile familien. Strålande sol og nesten ikkje vind. Makalaust flott.
5-åringen bytta på å sitja i pulken og å gå sjølv på ski. 2-åringen sat godt i pulken, men syns det var kjekkast når dei sat der begge to.
Laurdag var me ute på tur, akte, øvde på ploging, grilla pølser på bål, fiska på isen, gravde snøhole mm.
Søndag gjekk me heim i skodde og yr. Og alle syns me hadde hatt ein flott tur.