Viser innlegg med etiketten åker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten åker. Vis alle innlegg

mandag 10. september 2012

Bygdebloggfinalist!



Det er rett og slett litt fantastisk, at litle, fine bloggen min, er ein av fem finalistar i Nationen si kåring av Norges beste bygdeblogg...
Meir om kåringa, og avstemmingsboks finn du her. Avstemminga går til 15.september, og ein kan stemma ein gong dagleg frå kvar datamaskin. Eg er takksam for alle stemmer eg får.


Potetene i åkeren måtte opp her om dagen. Då var det nokon som hadde venta lenge nok. Det var fine poteter, og eitpar av dei var ganske store. Ikkje så veldig mange poteter, men nok til eitpar middagar. Og planane er klare for STOR potetåker neste år, for dette var kjekt!


Jostein har vore til fjells att med ein god hjelpar, og dei fann alle sauene som var att. Dei fleste av dei fekk dei med seg heim, men nokre var framleis veldig bestemte på å vera lengre.




tirsdag 14. august 2012



 Lillesand hadde sommar å by på, og mykje godtfolk var samla der i helga.
Ein dukkert i sommarvarm sjø gjorde også godt for frosne vestlendingar.




I åkeren veks det. Potetene blømer, og erter kan smakast. Alt er ikkje like vellukka..., men det veit hønene å setta pris på.



tirsdag 19. juni 2012



Jonas og Selia har laga seg åker.
Skikkeleg åker, med reddikar, poteter, gulrøtter, diverse kål, selleri, tomater, paprika, solsikker, erter, og diverse blomar. Eg har ikkje heilt kontroll på det, for dei planta og sådde då eg hadde feber...
Dei har kjøpt litt frø av og til, og så var dei med mormor og bestefar og kjøpte planter som dei valgte sjølv. Dei fekk litt hjelp til å planta og så, (og til å setta gjerde rundt så sauene held seg vekke,) og så har dei vore flinke til å vatna og passa på. Det spirer og gror, og me gledar oss til å smaka etter kvart.