Viser innlegg med etiketten regn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten regn. Vis alle innlegg

onsdag 13. august 2014


Endelig hyttetur.
Den planlagde hytteturen ved skuleferiestart vart avlyst grunna fall frå taket. Dei to største ungane skulle plukka jordbær på taket, då storesøster plutseleg datt ned. For sikkerhets skuld fekk ho ein ambulansetur til sjukehuset for sjekk. Heldigvis var ingen ting brekt, men det var vondt å gå nokre veker etterpå. Nå er ho heilt fin att.


Sommaren har gått utruleg fort, og i morgon startar skulen att. Med avgjelde kyr klarte me å nytta siste rest av ferien til ein fjelltur. Værmeldinga var ikkje optimal, med utsikter til store nedbørsmengder. Men lengten etter fjellet var stor, og det våtaste været var venta til heimturen, så me la igjen tørre klær i bilen, tok fjellduken med til veslebror i tilfelle skikkeleg ruskavær, og gjekk av stad på søndag. Myrane var våte, og snart synte det seg at alle ungane hadde hol i støvlane. At me ikkje hadde oppdaga det før må vera eit teikn på ein tørr sommar, med for lite fjellturar...


Turen innover til hytta gjekk fint, litt sol, litt vind, litt sjokolade, nokre froskar - den eine fekk seg eit kyss, og ein treåring som gjekk heile vegen sjølv. Om kvelden sette me garn, som hadde åtte fine fiskar neste morgon.


Utpå dagen på mandag vart det dårlegare vær, og det heldt seg til me kom heim tysdag, med veldig variabel vind, og nokre intense byger, men ikkje så gale innimellom. Me fekk god bruk for ullkær og regnklær, og ingen snakka om bading. Me hadde masse god mat, og me fekk masse frisk luft.








onsdag 1. januar 2014

Jul, fridagar, besøk her og der, mengder av mat, trege morgonar, late dagar, og masse regn og vind.
Eg har komme meg litt ut på tur. Kjem ikkje så langt for tida, men det gjer uansett godt med frisk luft. Slik kan det sjå ut innimellom bygene.


Og når ungane er med kan det sjå slik ut.


Eg vil ønskja dykk alle eit velsigna nytt år!

mandag 5. august 2013

Torsdag reiste me på hyttetur. Det var noko tung bør, med m.a. 10 liter beis, mat for 4 dagar og ein 2,5-åring som berre delvis gjekk sjølv på innoverveg og sov seg heimover. Men det gjekk godt. Det vart ei helg med mykje vèr, med ein skikkeleg varm fredag, mykje vind og tildels mykje nedbør fleire dagar og ein heil del torevêr. Me fiska, bada, rodde tur, plukka blåbær og spelte eindel yatzy. Det var godt å vera i fjellet, og litlajentå ville absolutt ikkje heim i går.

mandag 19. november 2012


Det er skikkeleg haustleg for tida, med mykje vind og regn og mørkt og kaldt. Slik som i dag har det regna og regna og regna, og skydekket er så tjukt og tungt at det har nesten ikkje vore skikkeleg dagslys. I går fekk eg innvilga ein tur for meg sjølv, i ruskaver med glimt av sol, og flotte skyer. Og så er det jo ekstra godt å komma inn og varma seg med fyr i omnen.

mandag 2. juli 2012


I går starta hyttebygginga for alvor. Gjetarbu til bror til Jostein. Fonnafly flaug materialer og inventar inn i fjellet.
Jonas imponerte med å bera 25kg tunge rullar bort i nettet.





Det vart ein skikkeleg våt ettermiddag, byger med styrtregn og hagl.






mandag 25. juni 2012


Onsdag var me til fjells med sauene. Jostein, eg og Tinka.
Sauene oppførte seg fint, og turen gjekk greit.
Det var tjukke skyer og regnbyger, og eit glimt av sol.
På Løkjene gjekk elva langt over stien og støvleskafta, så me hadde mykje vatn med oss på siste biten opp.



Det er så fantastisk fint oppover...