Dette året hadde me ein liten åker, der potetene var den største suksessen. Me har litt for mykje å gjera, og har ikkje brukt så mykje tid på luking og åkerstell.. Likevel har me alltid håp om at neste år blir det bedre.
Alle ungane var med og hausta poteter. Veldig variabel avling, men me fekk i alle fall eindel flotte. Dei smakar godt, og me har nok til eindel middagar framover.
Viser innlegg med etiketten potet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten potet. Vis alle innlegg
mandag 12. oktober 2015
mandag 10. september 2012
Bygdebloggfinalist!
Det er rett og slett litt fantastisk, at litle, fine bloggen min, er ein av fem finalistar i Nationen si kåring av Norges beste bygdeblogg...
Meir om kåringa, og avstemmingsboks finn du her. Avstemminga går til 15.september, og ein kan stemma ein gong dagleg frå kvar datamaskin. Eg er takksam for alle stemmer eg får.
Potetene i åkeren måtte opp her om dagen. Då var det nokon som hadde venta lenge nok. Det var fine poteter, og eitpar av dei var ganske store. Ikkje så veldig mange poteter, men nok til eitpar middagar. Og planane er klare for STOR potetåker neste år, for dette var kjekt!
Jostein har vore til fjells att med ein god hjelpar, og dei fann alle sauene som var att. Dei fleste av dei fekk dei med seg heim, men nokre var framleis veldig bestemte på å vera lengre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






