Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

tirsdag 19. april 2016


Hanen vår er ganske staselig, men syng på siste verset sidan han går til angrep på 2-åringen og 5-åringen. Foreløpig får han ikkje gå fritt i hagen.

Desse søte små har derimot mange fine dagar å sjå fram til.




søndag 24. mai 2015


Veslebror går og går og går. Ute kan det vera godt med ei hand å halda i. Det er mykje som skal utforskast. Og mykje spennande som skjer.


For to veker sidan kjøpte me oss ein ny kvelp. Ei fin lita tispe som heiter Kira. Så nå har me ein grå, ein svart og ein brun Border Collie. Me håpar Kira blir til god hjelp med sauene etter kvart.


Denne veka har me kjøpt kyllingar. Me har vore utan høner ei stund, og fann ut at det har me vore lenge nok nå. Første natta fekk kyllingane vera inne på kjøkken, før dei flytta ut i hønshuset. Der vart dei ønska velkommen av ei av våre gamle høner, som me har lånt tilbake for å passa på dei ei stund.




Ellers gledar me oss over at ungane har fått eit nytt søskenbarn.
Og eg har hatt ein flott tur over fjellet, til jubileumsfest på Kvitsund. Det var plutseleg 20 år sidan eg var russ...


tirsdag 5. mai 2015


Neida, eg har ikkje gløymt bloggen, og eg har heller ikkje gitt opp.
Trur dette er den travlaste april eg har vore borti. Men nå er lemminga over, sauene er ute, mva-oppgåver er leverte, eg er i gang med sjølvmeldingar, og konfirmasjonen er vel gjennomført med ein flott konfirmant som eg er tante til.
Veslebror er godt i gang i barnehagen, og det går greit for ei tid med nesten dobbelt så lang veg til jobb og levering i to barnehagar. Eg er jammen glad han har fått plass frå august i 'vår' barnehage, der veslesøster går.

torsdag 12. mars 2015


Hageselskap i dag, med kaffi, kakao med jordbærsmak, sjokoladekake og krokus. Ein nydelig vårdag med sol frå me stod opp.




tirsdag 18. februar 2014


Vår i lufta. Sjølv om me berre er midt i februar, har me hatt enkelte vårlege dagar. Ikkje så varmt, men solskinn, snøklokker, fleire timar dagslys og litt gryande grønfarge på ekrene.



mandag 29. april 2013

Plukka hestahov. Det er plass til mange i ei lita hand.

Joggesko, ekta småsko, gjer føtene lette, så det blir mykje hopp og sprett og springing når sola smiler til oss.

Eg fekk ein liten overdose med data-arbeid, det er litt travelt for tida både her og der, så eg måtte bare ha ein pause sist veke.

tirsdag 16. april 2013

Regnet har kome, og mildvær. Då eg stod opp i dag var det +8. Vinterklærne er ikkje pakka vekk, og det er ennå godt med fyr i ovnen, men me treng ikkje lengre leita for å finna vårteikna ute.
Vipa syng sine karakteristiske skrik, graset veks og me har funne både løvetann og kvitveis.
Mva-oppgåvene er helst ferdige, og lista over ferdige gjeremål for våren har fått eitpar fleire punkt.
Ikkje heilt representativt, men dette er frå ei ekre.


Grønt er ein ganske flott farge.




tirsdag 2. april 2013

veging

Nå har lemminga kome skikkeleg i gang, sola varmer litt meir og når me ser etter så er det litt grønt gras både på plenen og i ekra. Krokusen har kome med enkelte blomar, hønene verp egg igjen og sommartida gjer kveldane lyse.


Sjølv om bakken var kvit av snø då me stod opp i går, og gradestokken framleis syner -8 om morgonen, så er det VÅR.

Ungane syns det er kjekt med kopplam, og dei er flittige i fjøset for tida.



mandag 4. mars 2013

tirsdag 8. mai 2012


Meir vårskog.
Lufta full av fuglesang,  plutselige solglimt som får skogen til å skinna. Hakkespettar som hakkar og insekter som surrar, og så godt når ein kjenner varmen frå sola når ho dukkar fram.
Det gjer så godt å vera ute.



onsdag 2. mai 2012


Den lysande nygrøne skogen om våren er fantastisk flott! Spesiellt bra blir det når det er sol og varme. Då nyttar det ikkje å kjenna etter på hovudverk og forkjøling.
I går var heile familien på tur i ein sjølvlysande grøn dinosaurskog, med spor etter både Velociraptorar og Gigantosaurar.



onsdag 21. mars 2012

mandag 25. april 2011



Me har hatt ei flott påskehelg, med besøk, flotte turar, god mat, flott ver - nesten sommar, og påskegudsteneste.
Bildene denne gong er av jentene.

 
På toppen av Våråsen.

mandag 18. april 2011

mandag 11. april 2011



Me har hatt nokre herlege vårdagar. Ute blømer snøklokker og krokus, og ekrene blir grønare for kvar dag. Lemminga er i gang, og sol og varme gjer godt.
Søndag var det helste sommartemperatur. Då var me til bålplassen vår i 'skogen' og brente bål og steikte pølser. Etterpå måtte me finna is, som me åt på terassen.



Trifarga vil vera med å spikka pølsepinnar