Viser innlegg med etiketten ku. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ku. Vis alle innlegg

mandag 2. desember 2013


Nå er det på tide med litt dyr igjen her på bloggen. Det har vel vore nok kjøkken for ei stund.
Dei store øver seg på mjølking, og det er ganske god hjelp å ha dei med seg i fjøset innimellom.




tirsdag 1. januar 2013


I ein travel kvardag er det ikkje så ofte me er alle i fjøsen. Men her er glimt frå eit kveldsstell der alle hjelpte til. Der er mange oppgåver, så alle kan delta. Nokon må sjølvsagt passast på meir enn dei er til direkte hjelp, men det er triveleg å vera med, og sjarmerande med denne undersøkjande hermegåsa som har så mange å sjå opp til.



Sidan me har fått eit nytt år, vil eg takka for alle tilbakemeldingar eg har fått på bloggen så langt, og ønskja dykk alle eit GODT 2013!

mandag 17. september 2012

 
Bygdeblogg-konkurransen er over, men resultatet er ikkje offentleggjort ennå. For nokre dagar sidan var det to av dei andre bloggane som låg i tet, så eg reknar med ein av dei har vunne.
Det var kjekt å vera med, og veldig stas å komma til finalen.
Eg vil takka alle som stemte på meg! Og så må eg takka for alle positive tilbakemeldingar, det set eg stor pris på!
 

Denne helga var Jostein god hjelpar på sauesamling hjå broren sin, torsdag til søndag. Så då hadde eg og jentene eindel turar i beitet og såg til kyrne. Det nærmar seg snart kalving, og den eine kua hadde laga seg såpass med jur at det var best å følgja med. Det har ikkje kome nokon kalv ennå, men me hadde nokre fine turar.





mandag 27. august 2012



Det er haust, eit anna drag i lufta. Med mange bjørker i hagen blir det mykje lauv. Her om dagen var terassen nesten dekka av lauv, og i den nysådde flekken i plenen får ikkje spirene stå aleine.



Kyrne har late dagar og netter ute. Nå er dei så vane med ferie at dei lea nesten ikkje på seg då eg var på beite og snakka med dei i går. Dei gav meg berre eit halvsløvt blikk; åja, er det berre deg..

Litt meir fart i dei som gjekk ned straumgjerdet i dag. Då var det bra å ha så god hjelp av Jonas og Tinka.

 



tirsdag 31. juli 2012



Innimellom slepper me hønene ut i hagen. Ofte held dei seg i den delen av hagen som hønsagarden er, eller dei går ned til fjosen, eller tar ein tur i skogen. I sommar har dei kome meir bort til terassen og sandkassen... Det er eg ikkje så glad for. Men det er nå litt koselig når dei tutlar rundt omkring. Kyllingane er flinke til å halda seg til hønemor, og kattane veit at dei ikkje yppar seg mot hønene, så dei får vera i fred.