Innimellom slepper me hønene ut i hagen. Ofte held dei seg i den delen av hagen som hønsagarden er, eller dei går ned til fjosen, eller tar ein tur i skogen. I sommar har dei kome meir bort til terassen og sandkassen... Det er eg ikkje så glad for. Men det er nå litt koselig når dei tutlar rundt omkring. Kyllingane er flinke til å halda seg til hønemor, og kattane veit at dei ikkje yppar seg mot hønene, så dei får vera i fred.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar