mandag 9. juli 2012


Nå har eg hatt ferie i ei veke, og det har vore litt av ei veke.

Det mest dramatiske var branntilløp i fjosen. Brannalarmen virka, alle dyr var ute, og det var heldigvis bare vaskeautomaten i mjølkerommet som brant, så det gjekk eigentleg veldig godt. Med god hjelp av teknikarar, elektrikar og snill søster og svoger, så har me fått på plass lånt vaskar inntil vidare. Møkje styr, og slitsomt, sjølv om det gjekk så godt.

Elles har me hatt mykje kjekt. Jonas og Selia var med Jostein til fjells sist søndag på hyttebygging. Selia kom heim tysdag kveld, og laurdag reiste eg og jentene opp.
Me har hatt amerikabesøk, me har funne ei 'ny' strand ved sjøen og me har fått kyllingar i hønshuset (men me veit ikkje kor mange det er, for dei gøymer seg under vengene til høna).

Søndag hadde me 12års bryllupsdag! Det var ein fantastisk dag i fjellet, med sol, varme, bading, fisking...


Her syner Selia kor hytta er, den kvite flekken på neset i vatnet.




Jonas vart med heim i går, og Jostein følgde oss på vegen og bar sekken. Me fekk også følgje av Margreta som skulle heim.
Det gjorde verkeleg godt med ein fjelltur...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar