Takknemlighet.
Denne helga har eg og maen vore på Austlandet, i bryllup, og på besøk hjå 'gamle' venner.
Så godt å møtast att, og kjenna at vennskapen er der, og at me kjenner kvarandre, sjølv om det er nokre år sidan sist me møttest.
Huset har skifta farge, kjøkkenet er nytt, ungane er fleire og hunden er ny. Men vennene våre, dei er seg sjølv, verdifulle skattar.
Me er jammen heldige som har akkurat desse folka i livet vårt. Heldige som kan komma hit, senka skuldrene og kjenna at her er det godt å vera.
Takk for at dere kom! Ekte vennskap er for evig! Det var så godt å ha dere her. Jeg gleder meg til vi sees igjen. Glad i deg!
SvarSlett❤️
Takk for oss! Håpar det ikkje blir like lenge til neste gong.
Slett❤️