mandag 27. august 2012



Det er haust, eit anna drag i lufta. Med mange bjørker i hagen blir det mykje lauv. Her om dagen var terassen nesten dekka av lauv, og i den nysådde flekken i plenen får ikkje spirene stå aleine.



Kyrne har late dagar og netter ute. Nå er dei så vane med ferie at dei lea nesten ikkje på seg då eg var på beite og snakka med dei i går. Dei gav meg berre eit halvsløvt blikk; åja, er det berre deg..

Litt meir fart i dei som gjekk ned straumgjerdet i dag. Då var det bra å ha så god hjelp av Jonas og Tinka.

 



mandag 20. august 2012


Me har fått oss ein liten krabat, som me har store forhåpningar til. King. Han er snill og grei, og lærte fort at det ikkje er lov å hoppa på Rakel, så når han kjem bort til Rakel legg han seg heller ned. Rakel øver på å kommandera hundane, med 'Nei king, nei!' og av og til 'dekk'. King seier ho navnet på, men Tinka er bare vov-vov, slik som ho alltid har vore.

tirsdag 14. august 2012



 Lillesand hadde sommar å by på, og mykje godtfolk var samla der i helga.
Ein dukkert i sommarvarm sjø gjorde også godt for frosne vestlendingar.




I åkeren veks det. Potetene blømer, og erter kan smakast. Alt er ikkje like vellukka..., men det veit hønene å setta pris på.



mandag 6. august 2012


 



Denne helga var me på hyttetur! Me gjekk opp fredag og heim søndag. På laurdag hadde Jostein eit prosjekt ilagmed ein bror og ein svoger med å frakta opp noko kledning som mangla. Elles har me testa hytta og kost oss masse. Me har fiska, bada, plukka blåbær, ete masse fisk, lest litt donald, steikt pannekaker og sprunge i hælane på Rakel som alltid var klar for eit bad.



Jonas fekk to fine aurar på stang rett nedføre hytta. Søndag trekte me garn og fekk 5 aurar.

Været var fint, og når sola kom fram mellom skyene var det varmt og.

tirsdag 31. juli 2012



Innimellom slepper me hønene ut i hagen. Ofte held dei seg i den delen av hagen som hønsagarden er, eller dei går ned til fjosen, eller tar ein tur i skogen. I sommar har dei kome meir bort til terassen og sandkassen... Det er eg ikkje så glad for. Men det er nå litt koselig når dei tutlar rundt omkring. Kyllingane er flinke til å halda seg til hønemor, og kattane veit at dei ikkje yppar seg mot hønene, så dei får vera i fred.





mandag 23. juli 2012


Her er kyllingane våre. To nydelige nøster som ikkje er i ro. Rakel klarer ikkje å klappa dei, for dei er alle veier, utruleg lette på foten.
Når me kjem med mat til hønene, kjem alle springande og vil ha med ein gong, og kyllingane trippar og flaksar innimellom og vil ha sin del. Med 11 høner, ein hane og to kyllingar er det litt arbeid for hønemor å passa på kyllingane.  Dei hoppar og dansar. Og høna er skikkeleg hønemor. Ho går til angrep på dei andre hønene viss dei er bortpå kyllingane.




Rakel likar veldig godt å gi mat til hønene og henta egg. Nå for tida pleier me å få 8-10 egg dagleg, så me har litt egg til salgs viss nokon vil ha.
Når hønene har fått maten sin og egga er plukka, skal alltid Rakel prøva å klappa hønene. Det er ikkje så veldig lett, sidan dei ikkje er særleg kosete, men det kan dei kanskje bli viss ho fortset slik.



onsdag 18. juli 2012


Det var mykje eg kunne synt bilde av denne veka.
Kyllingane får de nok sjå ein annan gong, det vart to stk, og dei har det bra og veks veldig fort.
Jostein har kome heim frå hyttebygging, og hadde med seg nokre bilder av ei nesten ferdig hytte, i alle fall ferdig nok til bruk.
Me har også vore tilbake på den nyoppdaga stranda. Det er ei vik med litt sandstrand, langgrunt og heilt glimrande for ungane å bada.

Men nå vil eg syna bilder frå eg og Rakel var på tur for å plaska i sølepyttar. (Det er dei bildene eg likar best frå den siste veka.) Ho oioioioiar slik når ho ser på nokre sølepyttplaskebilder eg har tatt av Jonas, så eg tenkte ho ville plaska sjølv... Det var vått etter regnbyger, men me måtte gå på tur for å finna skikkelege sølepyttar.
Me fekk også lag av ein katt som ville vera med.




Den gamle lekehytta i skogen måtte me kikka innom.


Til slutt fann me nokre skikkeleg sorpete sølepyttar.


Så då vart det litt plasking, og skitne støvlar og hender...