tirsdag 31. juli 2012
mandag 23. juli 2012
Her er kyllingane våre. To nydelige nøster som ikkje er i ro. Rakel klarer ikkje å klappa dei, for dei er alle veier, utruleg lette på foten.
Når me kjem med mat til hønene, kjem alle springande og vil ha med ein gong, og kyllingane trippar og flaksar innimellom og vil ha sin del. Med 11 høner, ein hane og to kyllingar er det litt arbeid for hønemor å passa på kyllingane. Dei hoppar og dansar. Og høna er skikkeleg hønemor. Ho går til angrep på dei andre hønene viss dei er bortpå kyllingane.
Rakel likar veldig godt å gi mat til hønene og henta egg. Nå for tida pleier me å få 8-10 egg dagleg, så me har litt egg til salgs viss nokon vil ha.
Når hønene har fått maten sin og egga er plukka, skal alltid Rakel prøva å klappa hønene. Det er ikkje så veldig lett, sidan dei ikkje er særleg kosete, men det kan dei kanskje bli viss ho fortset slik.
onsdag 18. juli 2012
Det var mykje eg kunne synt bilde av denne veka.
Kyllingane får de nok sjå ein annan gong, det vart to stk, og dei har det bra og veks veldig fort.
Jostein har kome heim frå hyttebygging, og hadde med seg nokre bilder av ei nesten ferdig hytte, i alle fall ferdig nok til bruk.
Me har også vore tilbake på den nyoppdaga stranda. Det er ei vik med litt sandstrand, langgrunt og heilt glimrande for ungane å bada.
Men nå vil eg syna bilder frå eg og Rakel var på tur for å plaska i sølepyttar. (Det er dei bildene eg likar best frå den siste veka.) Ho oioioioiar slik når ho ser på nokre sølepyttplaskebilder eg har tatt av Jonas, så eg tenkte ho ville plaska sjølv... Det var vått etter regnbyger, men me måtte gå på tur for å finna skikkelege sølepyttar.
Me fekk også lag av ein katt som ville vera med.
Den gamle lekehytta i skogen måtte me kikka innom.
Til slutt fann me nokre skikkeleg sorpete sølepyttar.
Så då vart det litt plasking, og skitne støvlar og hender...
mandag 9. juli 2012
Nå har eg hatt ferie i ei veke, og det har vore litt av ei veke.
Det mest dramatiske var branntilløp i fjosen. Brannalarmen virka, alle dyr var ute, og det var heldigvis bare vaskeautomaten i mjølkerommet som brant, så det gjekk eigentleg veldig godt. Med god hjelp av teknikarar, elektrikar og snill søster og svoger, så har me fått på plass lånt vaskar inntil vidare. Møkje styr, og slitsomt, sjølv om det gjekk så godt.
Elles har me hatt mykje kjekt. Jonas og Selia var med Jostein til fjells sist søndag på hyttebygging. Selia kom heim tysdag kveld, og laurdag reiste eg og jentene opp.
Me har hatt amerikabesøk, me har funne ei 'ny' strand ved sjøen og me har fått kyllingar i hønshuset (men me veit ikkje kor mange det er, for dei gøymer seg under vengene til høna).
Søndag hadde me 12års bryllupsdag! Det var ein fantastisk dag i fjellet, med sol, varme, bading, fisking...
Her syner Selia kor hytta er, den kvite flekken på neset i vatnet.
Jonas vart med heim i går, og Jostein følgde oss på vegen og bar sekken. Me fekk også følgje av Margreta som skulle heim.
Det gjorde verkeleg godt med ein fjelltur...
mandag 2. juli 2012
I går starta hyttebygginga for alvor. Gjetarbu til bror til Jostein. Fonnafly flaug materialer og inventar inn i fjellet.
Jonas imponerte med å bera 25kg tunge rullar bort i nettet.
Det vart ein skikkeleg våt ettermiddag, byger med styrtregn og hagl.
mandag 25. juni 2012
Onsdag var me til fjells med sauene. Jostein, eg og Tinka.
Sauene oppførte seg fint, og turen gjekk greit.
Det var tjukke skyer og regnbyger, og eit glimt av sol.
På Løkjene gjekk elva langt over stien og støvleskafta, så me hadde mykje vatn med oss på siste biten opp.
Det er så fantastisk fint oppover...
tirsdag 19. juni 2012
Jonas og Selia har laga seg åker.
Skikkeleg åker, med reddikar, poteter, gulrøtter, diverse kål, selleri, tomater, paprika, solsikker, erter, og diverse blomar. Eg har ikkje heilt kontroll på det, for dei planta og sådde då eg hadde feber...
Dei har kjøpt litt frø av og til, og så var dei med mormor og bestefar og kjøpte planter som dei valgte sjølv. Dei fekk litt hjelp til å planta og så, (og til å setta gjerde rundt så sauene held seg vekke,) og så har dei vore flinke til å vatna og passa på. Det spirer og gror, og me gledar oss til å smaka etter kvart.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





























