mandag 28. september 2015
tirsdag 1. september 2015
Hodlestadnut i Etne er eit flott mål for ein søndagstur. Denne gongen var me så heldige å få med oss ei tante, ei kusine, ein kamerat, og to hundar, i tillegg til oss 6 med ein hund.
Litt startproblem med ein kalv på feil side av gjerdet, men me fekk kalven på plass og orden på gjerdet, så me kom oss på tur.
Sjå den flotte utsikten her, seier eg. Mamma, kva er utsikt? seier veslesøster, som er meir oppteken av å plukka blåbær.
Både blåbær og sjokolade gjer godt for små føter på tur. Etter turen smakte det godt med vafler og is hjå Besto og Besten, og eit bad i sjøen for dei tøffaste.
tirsdag 18. august 2015
På slutten av ferien fekk me omsider tatt oss nokre dagar hjå søstera mi i sør-fylket. Her er det også fint å gå tur, og denne gongen fann me eit stort område med markjordbær, og elles ein del blåbær.
Det må vera fint, å ta seg ein lur, og så vakna ute i skogen og få servert nyplukka bær..
mandag 10. august 2015
Sommar er mellom anna å ta badeklærne på og springa ned til vatnet og ta seg ein dukkert. Då er det ikkje så farleg om det ikkje er kjempevarmt i lufta, for det er så kort heim til varme klær.
Me bada mykje i vatnet då eg var liten, men etter ein periode med mykje alger vart det slutt på det eindel år, og så har me ikkje heilt funne tilbake. Nå er det søylebotn og mykje vannliljer på badeplassen vår. Ungane likar best å bada i sjøen, men det går fint å bada i vatnet vårt innimellom, om det ikkje passar å gå til sjøen. Og kanskje blir det bedre etter kvart, viss me går inn for det.
søndag 19. juli 2015
Endeleg er det sommarferie frå kontorjobb og barnehage. Dei siste dagane har me hatt haustleg vær, så det kjennest ut som me har veldig sein ferie i år, men nå treng me i alle fall nokre veker i eit anna tempo.
Sist helg var me så heldige å få ein super hyttetur ilag med gode venner.
Me fann ut på torsdagen at me kunne klara å smyga inn ein tur før
familieselskap laurdag kl 14. Så etter arbeid torsdag måtte me pakka til
fjelltur og til selskap, og baka kake. Fredagen var flott. Laurdagen
starta heimturen rett etter frukost for ungane og mødrene med dei
minste på ryggen, medan fedrene tok oppvask, siste pakking og
klargjering av hytta. Me fekk låna dusj i Etne før selskapet, og me var
bare bittelitt seine til selskapet, men i god tid før maten..
mandag 6. juli 2015
Herleg med sommartemperatur i lufta, og delvis sol. Veslesøster vart litt bilsjuk på veg innover, så ho fekk sitja på ryggen opp dei tyngste bakkane.
Då me var komne så langt at me nesten møtte stien me pleier å gå, skulle me over elva. Det er framleis snø i fjellet, så vatnet var kaldt, og gjekk til knes på oss vaksne, og då me kom over elva fann me ut at me var på ei halvøy av steinar så store at me ikkje kom over, så me måtte uti igjen for å komma rundt den største steinen.. Då var eg glad det var varmt i lufta, så me fort fekk varmen igjen i føtene.
Då me skulle heimover måtte me ennå ein gong gå gjennom det kalde vatnet, men denne gongen klarte me oss med ei kryssing.
mandag 22. juni 2015
Ein smak av sommar. Plenen veks oss over hovudet, og blømer meir og meir for kvar dag. Førstslåtten vart berga for ei veke sidan her heime, men me har noko leigejord som blir litt seinare. Kopplamma er slakta, potetene spirer i åkeren, dei store ungane har fått skuleferie og me har fått kjenne litt på varmare dagar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



































