søndag 19. juli 2015


Endeleg er det sommarferie frå kontorjobb og barnehage. Dei siste dagane har me hatt haustleg vær, så det kjennest ut som me har veldig sein ferie i år, men nå treng me i alle fall nokre veker i eit anna tempo.
Sist helg var me så heldige å få ein super hyttetur ilag med gode venner.






Me fann ut på torsdagen at me kunne klara å smyga inn ein tur før familieselskap laurdag kl 14. Så etter arbeid torsdag måtte me pakka til fjelltur og til selskap, og baka kake. Fredagen var flott. Laurdagen starta heimturen rett etter frukost for ungane og mødrene med dei minste på ryggen, medan fedrene tok oppvask, siste pakking og klargjering av hytta. Me fekk låna dusj i Etne før selskapet, og me var bare bittelitt seine til selskapet, men i god tid før maten..








2 kommentarer:

  1. Nydelige bilder og koselig å höyra om turen! Det ser så fantastiskt fint og rogivande ut oppe i dei fjell att! God Ferie! Klem frå Laila

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder og koselig å höyra om turen! Det ser så fantastiskt fint og rogivande ut oppe i dei fjell att! God Ferie! Klem frå Laila

    SvarSlett