mandag 29. april 2013

Plukka hestahov. Det er plass til mange i ei lita hand.

Joggesko, ekta småsko, gjer føtene lette, så det blir mykje hopp og sprett og springing når sola smiler til oss.

Eg fekk ein liten overdose med data-arbeid, det er litt travelt for tida både her og der, så eg måtte bare ha ein pause sist veke.

tirsdag 16. april 2013

Regnet har kome, og mildvær. Då eg stod opp i dag var det +8. Vinterklærne er ikkje pakka vekk, og det er ennå godt med fyr i ovnen, men me treng ikkje lengre leita for å finna vårteikna ute.
Vipa syng sine karakteristiske skrik, graset veks og me har funne både løvetann og kvitveis.
Mva-oppgåvene er helst ferdige, og lista over ferdige gjeremål for våren har fått eitpar fleire punkt.
Ikkje heilt representativt, men dette er frå ei ekre.


Grønt er ein ganske flott farge.




tirsdag 9. april 2013






Her går det mykje i lam for tida. Me har etter kvart fått ein liten flokk med kopplam, som ungane har litt ekstra omsorg for. Det skal lærast kor dei finn mjølk, og heilt i starten må dei gjerne få frå flaska. Det er kjekt å hjelpa til.

Elles ventar me veldig på varmare tider, og me merkar oss korleis det blir stadig fleire grøne grasstrå, om enn dei ennå er små.


tirsdag 2. april 2013

veging

Nå har lemminga kome skikkeleg i gang, sola varmer litt meir og når me ser etter så er det litt grønt gras både på plenen og i ekra. Krokusen har kome med enkelte blomar, hønene verp egg igjen og sommartida gjer kveldane lyse.


Sjølv om bakken var kvit av snø då me stod opp i går, og gradestokken framleis syner -8 om morgonen, så er det VÅR.

Ungane syns det er kjekt med kopplam, og dei er flittige i fjøset for tida.



onsdag 27. mars 2013


Måneskin i eit tomt rom ei kald natt i ein kald vår. Me har kjørt flyttelass, og me gler oss over å få litt meir av familien litt nærmare oss. Lykke til med eit nytt kapittel, uskrivne blad med mange muligheter.

For tida er det mykje måneskin i kalde netter. I går hadde eg ein travel dag heime med sjuke barn, men eg fekk meg ein tur ut då dei var i seng. Kald frisk luft og nesten fullmåne frå skyfri himmel. Så utruleg flott, eg fekk litt lyst å vera ute heile natta... Skogen er litt magisk i slik eit lys.

tirsdag 19. mars 2013


Årets første lam har komme, fine trillingar.


Det er ennå nokre dagar til me ventar fleire lam, men snart blir det travelt.
Elles gler me oss over sola, men ventar på varme slik at jorda kan tina og våronna kan koma i gang.


mandag 11. mars 2013

Ta vare på gledene

Sidan det kanskje ikkje er så mange av dykk som har Bondevennen, så legg eg i dag inn artikkelen som eg hadde i bladet i januar:

Ta vare på gledene.



Bondelivet er eit rikt liv. Som bønder flest er me ikkje så veldig rike på pengar sett i forhold til folk med vanlege jobbar, men me er rike på så mange andre måtar. Me har god plass, og me bestemmer over tida vår, til ei viss grad. Me har mange dyr - mange å bry oss om, mange som me er viktige for. Me har mykje natur rundt oss, me har eit rikt utval av oppgåver å ta tak i, og me har mange utfordringar. Me har flust av bekymringar, men også mange gleder. 

Me blir veldig glade når dei første lamma kjem om våren og lemminga er i gang, og så blir me glade når lemminga er over og me kan senka skuldrene bittelitt. Me blir glade når me kan sleppa dyra ut på beite og sjå korleis dei nyt det, og så blir me glade når me kan setja dyra inn om hausten og veit kor me har dei. Me blir glade når graset veks godt og det nærmar seg slått, og så blir me glade når graset er ferdig hausta, når det er berga. Me er glade når me kan gjelda av kyrne og ha pause i mjølkinga, og så blir me glade når kalvane kjem og kyrne mjølkar igjen. Me er glade når me kan reisa til fjells med sauene, og så blir me veldig glade når me klarer å få heim den siste sauen om hausten.

Som deltids kontorrotte blir eg ekstra glad når mannen spør om eg vil bli med å senda sauene til fjells, sjå til sauene om sommaren eller leita etter sauer eller kviger om hausten. Då er eg også glad for at eg har ein jobb der eg kan avspasera for å bli med til fjells. Tenk å kunna gå til fjells, og gjera eit matnyttig arbeid! 

Å leita etter dyr kan vera veldig slitsomt, å gå og gå i fjellet, opp og ned bratte liar, utan sti, og stundom utan heilt å vita kor me skal gå. Slitsamt når været er dårleg, med skodde og regn, eller snø og vind, og kanskje ikkje finna ei einaste klauv. Eller når me finn sauene og nokon av dei ikkje vil heim, slik at me kavar og spring i ur og kratt, og prøver å møta og lura sauene heim. Men det er flott likevel, når eg stoppar opp for å pusta ut litt, kjenner at eg har gjort ein innsats, ser meg rundt, på dyra, folka, og ikkje minst naturen. 

Nokon gonger er været på lag med oss. Om hausten kan verkeleg fjellet skina som forgylt i haustsola, gult og raudt og gjerne litt restar av grønt, stundom pynta med frostglitter eller snødryss. Innimellom får me sjå ein rypeflokk eller ein hare, ein reinsdyrbukk eller ein hjort. Viss me då attpåtil finn dyra me leitar etter, då blir dagen fullkomen. Viss me ikkje finn dyra er det å håpa på å finna dei neste gong.

Det er ikkje så mange heilt fullkomne dagar. Dei fleste dagane er ikkje slik. Alle gledene  er krydra med bekymringar, for dyrehelse, gjerder, maskintrøbbel, nok avling og lagleg vær, og eiga helse og økonomi. Stundom kan det endåtil kjennast ut som gledene vil drukna i bekymringar, viss regnet høljar ned midt i slåtten, viss dyra bryt gjennom gjerdet og spring på vegen, viss me ikkje finn den siste sauen i fjellet, og viss me ikkje får avløysar når me blir sjuke, då kan det henda me treng litt hjelp til å få auga på gledene.
Dette gjer det heile litt spennande, og me kjenner at me treng gledene og me kjenner dei kanskje litt sterkare, når me ser dei.

Ta vare på gledene, dei gode stundene, lysglimta i kvardagen, energien frå oppturane. Dei er der, og sjølv om dei stundom er små, og kanskje ikkje heilt utan riper, så er dei viktige, for dei gjer livet rikare. Og så kan me plukka dei fram når me treng dei litt ekstra.