onsdag 27. mars 2013
Måneskin i eit tomt rom ei kald natt i ein kald vår. Me har kjørt flyttelass, og me gler oss over å få litt meir av familien litt nærmare oss. Lykke til med eit nytt kapittel, uskrivne blad med mange muligheter.
For tida er det mykje måneskin i kalde netter. I går hadde eg ein travel dag heime med sjuke barn, men eg fekk meg ein tur ut då dei var i seng. Kald frisk luft og nesten fullmåne frå skyfri himmel. Så utruleg flott, eg fekk litt lyst å vera ute heile natta... Skogen er litt magisk i slik eit lys.
tirsdag 19. mars 2013
Årets første lam har komme, fine trillingar.
Det er ennå nokre dagar til me ventar fleire lam, men snart blir det travelt.
Elles gler me oss over sola, men ventar på varme slik at jorda kan tina og våronna kan koma i gang.
mandag 11. mars 2013
Ta vare på gledene
Sidan det kanskje ikkje er så mange av dykk som har Bondevennen, så legg eg i dag inn artikkelen som eg hadde i bladet i januar:
Ta vare på gledene.
Bondelivet er eit rikt liv. Som bønder flest er me ikkje så
veldig rike på pengar sett i forhold til folk med vanlege jobbar, men me er
rike på så mange andre måtar. Me har god plass, og me bestemmer over tida vår,
til ei viss grad. Me har mange dyr - mange å bry oss om, mange som me er
viktige for. Me har mykje natur rundt oss, me har eit rikt utval av oppgåver å
ta tak i, og me har mange utfordringar. Me har flust av bekymringar, men også
mange gleder.
Me blir veldig glade når dei første lamma kjem om våren og
lemminga er i gang, og så blir me glade når lemminga er over og me kan senka
skuldrene bittelitt. Me blir glade når me kan sleppa dyra ut på beite og sjå
korleis dei nyt det, og så blir me glade når me kan setja dyra inn om hausten
og veit kor me har dei. Me blir glade når graset veks godt og det nærmar seg
slått, og så blir me glade når graset er ferdig hausta, når det er berga. Me er
glade når me kan gjelda av kyrne og ha pause i mjølkinga, og så blir me glade
når kalvane kjem og kyrne mjølkar igjen. Me er glade når me kan reisa til
fjells med sauene, og så blir me veldig glade når me klarer å få heim den siste
sauen om hausten.
Som deltids kontorrotte blir eg ekstra glad når mannen spør
om eg vil bli med å senda sauene til fjells, sjå til sauene om sommaren eller
leita etter sauer eller kviger om hausten. Då er eg også glad for at eg har ein
jobb der eg kan avspasera for å bli med til fjells. Tenk å kunna gå til fjells,
og gjera eit matnyttig arbeid!
Å leita etter dyr kan vera veldig slitsomt, å gå og gå i
fjellet, opp og ned bratte liar, utan sti, og stundom utan heilt å vita kor me
skal gå. Slitsamt når været er dårleg, med skodde og regn, eller snø og vind,
og kanskje ikkje finna ei einaste klauv. Eller når me finn sauene og nokon av
dei ikkje vil heim, slik at me kavar og spring i ur og kratt, og prøver å møta
og lura sauene heim. Men det er flott likevel, når eg stoppar opp for å pusta
ut litt, kjenner at eg har gjort ein innsats, ser meg rundt, på dyra, folka, og
ikkje minst naturen.
Nokon gonger er været på lag med oss. Om hausten kan
verkeleg fjellet skina som forgylt i haustsola, gult og raudt og gjerne litt
restar av grønt, stundom pynta med frostglitter eller snødryss. Innimellom får
me sjå ein rypeflokk eller ein hare, ein reinsdyrbukk eller ein hjort. Viss me
då attpåtil finn dyra me leitar etter, då blir dagen fullkomen. Viss me ikkje
finn dyra er det å håpa på å finna dei neste gong.
Det er ikkje så mange heilt fullkomne dagar. Dei fleste
dagane er ikkje slik. Alle gledene er
krydra med bekymringar, for dyrehelse, gjerder, maskintrøbbel, nok avling og
lagleg vær, og eiga helse og økonomi. Stundom kan det endåtil kjennast ut som
gledene vil drukna i bekymringar, viss regnet høljar ned midt i slåtten, viss
dyra bryt gjennom gjerdet og spring på vegen, viss me ikkje finn den siste
sauen i fjellet, og viss me ikkje får avløysar når me blir sjuke, då kan det
henda me treng litt hjelp til å få auga på gledene.
Dette gjer det heile litt spennande, og me kjenner at me
treng gledene og me kjenner dei kanskje litt sterkare, når me ser dei.
Ta vare på gledene, dei gode stundene, lysglimta i
kvardagen, energien frå oppturane. Dei er der, og sjølv om dei stundom er små,
og kanskje ikkje heilt utan riper, så er dei viktige, for dei gjer livet rikare.
Og så kan me plukka dei fram når me treng dei litt ekstra.
mandag 4. mars 2013
mandag 25. februar 2013
Påskestemning
Me hadde bestemt at me skulle på skitur, alle saman. Stappa oss inn i bilen. Det går mykje i ein touran, men uten takrails og boks så er det rimeleg fullt med fem folk, fire par ski, rattkjelke, akematte, ved, mat, ekstra klede og beremeis... Sidan det ikkje alltid er så enkelt å koma frå garden, og ikkje alle er like ivrige heile tida, så har me heller ikkje investert i takrails og boks, fjellpulk mm, så då må me bare sjå kva me får til. Og det er mykje som går.
Merka eg kunne trengt litt meir trening i å gå på ski med 2-åringen i beremeis, men det viktigaste er jo ikkje å komma fort fram. Me kom ikkje så langt heller, måtte jo heim att til fjosen, men me kom oss ut, i snøen og sola... Yess!!
Det var grov vårsnø, med lyng og kvister stikkande opp, strålande sol som varmde godt frå skyfri himmel, og nesten ikkje eit vindpust. Pølser på bålet, og kakao i koppen. Det kan ikkje bli så mykje betre enn det.
mandag 18. februar 2013
I helga var me på hyttetur. Å herlege fjell! Eg, maen og spreke 9-åringen. Det var ein liten helgetur frå fredag til laurdag. Me gjekk innover eit vindfullt fjell på fint føre med skare og fokksnø. Glimt av sol, men god nytte av fjellduk, sjokolade og varm kakao.
Hytta vart fort varm, og laurdagen opprant med sol og vindstille. Me fekk ein fin føremiddag ute i sola, med tur med og utan ski på vatnet, graving i snøen, og litt isfiske bare for å prøva, sidan me hadde isbor. Isen var ca 60cm, og fisken ville ikkje bita, men det gjorde ingen ting.
Heimturen gjekk som ein leik, med eit par skifeller opp den lengste og brattaste bakken, og alle syns det var ein strålande tur. Gnagsåra vil me ikkje snakka om, berre håpar dei forsvinn til neste tur.
mandag 11. februar 2013
isfiske
Vinteren har ikkje forlatt oss, og isen er framleis tjukk, sjølv om det ikkje er same kvaliteten som for nokre veker sidan. Laurdag var det trekking av garn på fjorden. Det er noko som ikkje skjer så ofte. Ein kald fornøyelse, men ei oppleving. Det er alltid kjekt når me får fisk, men og veldig greit å vera mange som skal dela på fisken når det er så mykje.
Mykje stor sei. Mange gode middagar her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




















