lørdag 29. november 2014


Det har blitt nokre skogsturar i november. Her er eitpar glimt.







mandag 17. november 2014



Eg klarer ikkje å blogga så ofte for tida. Det er så mykje som skal gjerast når det er rolig i huset.
I går hadde me ein fin tur på vatnet. Me rodde bort til speidarplassen og grilla pølser til middag.



På heimvegen gynga det akkurat passeleg til at veslebror sovna i solnedgangen.



mandag 27. oktober 2014


I dag legg eg ut ein annan artikkel eg har hatt på trykk i Bondevennen:



Du blandar saft.
Det var heimkunnskapstime i 7.klasse, maten var nesten klar, og me dekka bordet for å eta. Og så fekk eg i oppgåve å blanda saft. 
Å nei, ikkje meg. Tankane kverna i rasande fart. Korleis skal eg kunna klara å gjera dette perfekt? Nå kjem dei til å le av meg igjen, tenkja at eg er teit, idiot.  Eg var ikkje van med kjøpesaft, og var verkeleg redd for at safta skulle bli alt for sterk eller alt for svak, med eit sjølvsagt resultat at nokon kom til å gjera narr av meg. Eg kunne heller ikkje spørja korleis eg skulle blanda saft. Hallo, alle kan vel blanda saft? Det tok litt tid å blanda saft, men eg måtte jo også passa på å ikkje bruka så lang tid at det vart gale. 
Til mi overrasking var det ingen som klagde på safta, men minnet om frykta sit ennå i.

Etter 6 år på barneskulen hadde eg lært nokre harde lekser;
-Dei vil le av meg
-Når dei spør meg om noko, er det ofte for å gjera narr av meg.
-Viss eg seier minst mogleg får eg vera meir i fred.
-Det eg gjer er ikkje godt nok, det er alltid noko gale med meg.
-Eg er aleine, eg må klara meg sjølv.

Det var nok ikkje alltid slik meint, men eg skilde meg ut på fleire måtar, og kjende at eg ikkje passa inn. Det var slitsomt å vera på vakt, men eg lærte også at eg kan klara meg sjølv, og at det ofte kan gå heilt fint å vera aleine.

Ungdomskulen vart betre, og etterpå vart det endå betre. Nå har eg ikkje det minste problem med å blande saft, og eg veit at det ikkje er så farleg om ikkje safta er perfekt. Eg har jobba mykje med å avlæra meg det eg lærte på barneskulen, og det blir eg sikkert aldri heilt ferdig med. Framleis har eg ei frykt for å bli gjort narr av, og for å dumma meg ut. Men eg veit i alle fall at eg ikkje er aleine. Eg er ikkje eingong aleine om denne frykta.

På folkehøgskulen lærte eg m.a noko viktig som har vore til god hjelp for meg: Alle menneske har eit grunnleggjande behov for å bli likt. Når du møter menneske så møter dei deg med eit ønske om at du skal lika dei, dei møter deg ikkje med eit ønske om å gjera narr av deg.

Dette er kanskje ikkje alltid sant, men det er eit veldig godt utgangspunkt i møte med verda. Då kan ein lettare senka skuldrene, vera seg sjølv og kanskje til og med våga å dumma seg ut. 
På veggen i gangen vår har me hengt opp ei viktig påminning frå Winston Churchill: Success is not final, failure is not fatal: it is the courage to continue that counts.


 

lørdag 4. oktober 2014


Jostein har gått 30 nutar i Etne i sommar. Den siste var Hodlestadnut, og den turen fekk me vera med på. Ein strålande siste dag i september.






Det var eg som vart mest sliten, men så var det også eg som bar tyngst.




lørdag 13. september 2014



Låg ettermiddagssol, ekrene fulle av heimkomne sauer, eplekake, sure epler og søte epler, nypoteter, gule flekker i bjørkene, kjølige morgonar, nedteljing til fødselsdagar. Snart må kyrne koma heim frå ferie før dei kalvar. Og før me veit ordet av det er veslebror eit halvt år...  September


onsdag 13. august 2014


Endelig hyttetur.
Den planlagde hytteturen ved skuleferiestart vart avlyst grunna fall frå taket. Dei to største ungane skulle plukka jordbær på taket, då storesøster plutseleg datt ned. For sikkerhets skuld fekk ho ein ambulansetur til sjukehuset for sjekk. Heldigvis var ingen ting brekt, men det var vondt å gå nokre veker etterpå. Nå er ho heilt fin att.


Sommaren har gått utruleg fort, og i morgon startar skulen att. Med avgjelde kyr klarte me å nytta siste rest av ferien til ein fjelltur. Værmeldinga var ikkje optimal, med utsikter til store nedbørsmengder. Men lengten etter fjellet var stor, og det våtaste været var venta til heimturen, så me la igjen tørre klær i bilen, tok fjellduken med til veslebror i tilfelle skikkeleg ruskavær, og gjekk av stad på søndag. Myrane var våte, og snart synte det seg at alle ungane hadde hol i støvlane. At me ikkje hadde oppdaga det før må vera eit teikn på ein tørr sommar, med for lite fjellturar...


Turen innover til hytta gjekk fint, litt sol, litt vind, litt sjokolade, nokre froskar - den eine fekk seg eit kyss, og ein treåring som gjekk heile vegen sjølv. Om kvelden sette me garn, som hadde åtte fine fiskar neste morgon.


Utpå dagen på mandag vart det dårlegare vær, og det heldt seg til me kom heim tysdag, med veldig variabel vind, og nokre intense byger, men ikkje så gale innimellom. Me fekk god bruk for ullkær og regnklær, og ingen snakka om bading. Me hadde masse god mat, og me fekk masse frisk luft.








søndag 27. juli 2014


Feriedagar med fri frå skule og barnehage, late (?) dagar, seine lyse kveldar, utruleg varmt og mykje sol. Me har vore på ferietur ei veke, me har vore på nokre småturar, ungane har leika masse ute og me har bada i sommarvarmt vatn, både i sjø, vatn og i elva. For minstemann kan det bli i varmaste laget å vera ute i varmen, og det er ikkje like enkelt med sovinga på dagtid. Men med mykje tid til amming, og mykje vatn til meg, så går det fint. Det er herleg med skikkeleg sommarvarme.


Og i dag har me hatt dåp. Fullt hus og stormande jubel, for veslebror, ein flott familie og gode venner. Tidvis litt kaos, men aller mest kos.