tirsdag 20. desember 2011

Meir snø. :) Selia og Jonas er strålande fornøyd med snø, og kosar seg masse ute. Me har ikkje den store vinterkulden, og det er nå like greit. Men det er så lyst og flott med snø.
Rakel er ikkje noko stor fan av snøen ennå. Ho må kjenna på den, litt undrande liksom, men så skrik ho når ho kjenner kulden.

onsdag 7. desember 2011

Vinter, advent, snø, lys, moms, baking, julekort, presangar...
Slutten av november var så mørk og sur, og eg gledde meg til advent med lyspynting, og eg tenkte at jammen er det godt me har advent og jul i denne mørketida.
Og då desember kom så vart det så flott med snø og måneskin og stjerner både inne og ute. Ungane er ute og akar og lagar snømenn, og kjem inn kalde og våte og glade. Her om dagen stod det plutseleg ei snødame og kika inn terassedøra, ho heitte Lise, og hadde langt svart hår. I går vart det desverre litt for mildt, så ho vart så mjuk at hovudet datt av... Saknar henne litt.

tirsdag 29. november 2011

Bøker er fantastisk! På så mange måtar.
Rakel likar veldig godt å bli lest for, og å sjå i bøker sjølv. Jonas og Selia har også likt det veldig godt frå dei var bitte små.
Nå har me nett lese ferdig 'Tonje Glimmerdal' av Maria Parr. Det er verkeleg ei bok å anbefala! Ei flott historie som inneheld det meste, spenning, kos, glede, sorg, humor, alvor, og overraskingar. Boka er skrive på eit godt, levande språk. Til tider sprudlande, og godt egna for høgtlesing - orda glir fram med handlinga, og ungane vil heile tida at me skal lesa meir. Og attpåtil så er ho skriven på nynorsk - veldig bra! Midt i blinken for både 6-åringen og 8-åringen.

tirsdag 22. november 2011

Solstreif i skogen då eg og Rakel var ute på tur i dag.

tirsdag 15. november 2011

Travle tider med kurs på Sola to dagar sist veke og ein dag denne veka. Godt å ha ei så super søster på sørsida som stiller opp som barnevakt og hotell.
Møkje skodd har me også hatt, litt surrealistisk å kjøra så langt og nesten ikkje sjå noko.
Elles så har det nye badegolvet endeleg blitt lilla. :)