Heimefødselen
Tenkte eg skulle fortelja litt meir om fødselen, sidan det vart så bra. Så her kjem teksten som stod på trykk i fagbladet Bondevennen der eg skriv litt innimellom:
Sidan
sist har me hatt den store gleda å bli 4-barnsfamilie.
Denne
gongen var me så heldige at me fekk ein planlagt heimefødsel, med to flotte
jordmødre til stades, Torhild og Siv-Anett. Torhild har svangerskapsomsorg i
Tysvær, og arbeider på fødeavdelinga i Haugesund, i tillegg til at ho tar
heimefødsler i samarbeid med Siv-Anett. Dei har lang erfaring, og ser mange
fordeler med heimefødsel når tilhøva ligg til rette for det. Eg hadde høyrt og
lese mykje positivt om heimefødsler, og etter som fødselen nærma seg vart eg
berre meir sikker på at dette var det rette.
I
god tid før termin var jordmødrene på heimebesøk, for å planlegga fødselen, og
for å finna vegen. Me fekk også timeplanen deira for dei siste vekene før
termin, slik at me kunne sjå når dei var ledige slik at me kunne ha fødselen
heime.
Fødselen
starta med at vatnet gjekk ca kl eitt natt til laurdag ei helg med nattevakter
for Siv-Anett og kveldsvakter for Torhild. Eg snakka med Jostein, og ringde
Torhild for å informera om at me var i gang. Deretter la me oss alle til å sova
att. Eg sov noko, men låg også og kjende på at riene kom i gang.
Jostein
gjekk i fjøsen som vanleg då morgonen kom, og eg snakka med Torhild igjen etter
kvart. 3 spente storesøsken vart henta av besteforeldre, med instruksjonar om
barneselskapet som 3-åringen skulle i.
Då
me åt frukost vart riene hyppigare, og eg og Torhild vart enige om at dei
skulle koma. Eg kvilte meg, som eg fekk beskjed om, medan Jostein fyrte, rydda
litt i vårt vanlege kaos og fann varmeflaske til ryggen min. I 10-tida kom
begge jordmødrene. Dei fann fram utstyret sitt og fekk seg kaffi, me prata litt
og tok imot reporter og kameradame frå TV-Haugaland. Etter å ha snakka litt med
TV-Haugaland om heimefødsel, fekk eg akupunktur for smertelindring og
riestimulering. Heile tida hadde eg noko rier, som ikkje kjendest så veldig
kraftige. Ikkje noko stress og kav, berre ro og fokus på det som skjedde. Ro i
huset, fyr i ovnen, beste mannen og trygge erfarne hjelpsame jordmødre. Sjølv
om riene ikkje var så veldig vonde, gjorde dei jobben, og snart var det tid for
badekaret. Levande lys og varmt vatn i badekaret lindra effektivt. Riene avtok også
litt ei stund, så eg måtte opp og gå litt for å få meir fart på dei. Etter litt
hardt arbeid vart veslebror fødd i badekaret kl 12.56. Ein heilt perfekt gut på
50cm og 3900g ifølgje koffertvekta til jordmor. Etterpå kunne me kvila ut i vår
eiga seng, eg kunne få mat og drikke akkurat når eg ville, Jostein kunne vera
ilag med oss og ta vare på oss, og 3 begeistra storesøsken kunne koma heim og
helsa på veslebror når det passa oss.
Det
var ei fantastisk fødselsoppleving, noko heilt anna enn sjukehusfødsel. Sjølv
om dei to siste sjukehusfødslane var greie, har eg aldri heilt klart å finna
roen på sjukehuset. Heimefødsel er absolutt å anbefala når det er eit
alternativ. Folk flest seier me er tøffe når dei høyrer me hadde heimefødsel,
men for meg kjendest det både tryggare og lettare enn sjukehusfødsel. Eller
kanskje folk eigentleg berre meiner me er sprø som hadde lokal-tv med på fødselen?
Nydeleg fødselshistorie. Takk for at du deler! Det virkar utruleg fint å få føde heime.
SvarSlettTakk. Ja, det var flott å føda heime.
SvarSlett