tirsdag 27. mai 2014


Det er på høg tid med litt nytt her. Akkurat nå er det stille i huset før veslebror vaknar for mat og kveldskos, så eg får nytta høvet.
På laurdag vog me lamma, og gav dei middel mot flått og snyltarar. Då måtte alle hjelpa til, med å samla sauene, medisinera og notera vekter.

 

 Det vart også tid til litt kos med ungane sine sauer før me sleppte dei laus på beite igjen.


lørdag 3. mai 2014


Det blir lite 'kontorarbeid' med meg for tida, så bloggen får litt lite påfyll. Elementære behov opptar mykje av tida, ikkje minst om kveldane. Veslebror et, søv og veks fort. Lemminga er nesten ferdig, og våronna er godt i gang. Me har hatt mykje varme og sol, og nå er kyr, kalvar og nesten alle sauene ute på beite.

Søndag hadde me oss ein fjelltur, heile gjengen. Då var det ein liten pause i lemminga, så Jostein kunne ta dagen fri mellom fjøsstella. Etter frukost stappa me oss inn i bilen. Det vart ganske så fullt med to vaksne, 4 barn, barnevogn, sekk og bæremeis i tilfelle for 3-åringen. Då Jostein sa at me eigentleg skulle hatt plass til hundane også inni denne bilen, vart 3-åringen ifrå seg for at me ikkje hadde hundane med oss. Men me fann ut at gamle gode Tinka kunne få vera med likevel, ho fekk ganske god plass på golvet under dei bakovervendte barnesetene. Me køyrde til Vikedal, og gjekk i retning Nonsbu, hytta vår. Der er veg oppover eit stykke, mot Bjønnstigen, men etter kvart var vegen så humpete at me sette vogna igjen, og eg tok veslebror på magen. Me kom kanskje halvvegs til Nonsbu før me måtte snu, det var så langt som me hadde håpa på.



Då me kom ned att var dei tre store ungane uti vatnet og bada litt før me køyrde heim att med innlagt ispause. Ein fantastisk tur, som gjorde godt langt inn i ryggmargen.


mandag 14. april 2014

Veslebror er alt vel tre veker. Han får masse oppmerksomhet, og er stort sett nøgd, når han berre ikkje må venta på maten.

Lemminga har kome i gang, litt eksplosivt i dag, så til og med veslebror måtte bli med for å hjelpa kopplamma å drikka. Nå har me 30 lam, 5 kopplam.


Bildene i dag er av Mr.Vatland, som nå har blitt henta av GENO, i håp om å bli ein av dei nye seminoksane. Den skal eta og veksa og bli testa. Så det blir spennande om den kjem gjennom fleire nålauge etter kvart.



onsdag 26. mars 2014


Lørdag vart den store dagen, som me har venta slik på. Veslebror kom til verda heime i badekaret, heilt perfekt frå topp til tå.
Heimefødsel, med to flotte jordmødre, var ei heilt anna oppleving enn dei tre sjukehusfødslane me har hatt før, sjølv om me ikkje har noko å klaga på der heller.
Kan anbefalast, om det er eit alternativ.

tirsdag 18. mars 2014


King har vore på treningsleir, og fått grundig opplæring i sauegjeting. Nå er han komen heim, og det er berre å fortsetja treninga.

onsdag 12. mars 2014



Eg er ikkje så sprek for tida, men på søndag gjorde det veldig godt med ein luftetur. Nokon sprang etter bølgene, og nokon burde kanskje hatt badeklær... Masse luft for oss alle, sjølv om det var ein kort tur. Det var noko kaldt, men is ville alle ha etterpå.