mandag 24. juni 2013


Når sauene skal til fjells leiger me transport hjå Nortura, og då skal det passast inn med deira henting av slaktedyr etterpå. I år var me så heldige at fjellsendinga vart på ein dag med varme og strålande sol. Ikkje den varmaste dagen, men ein fantastisk flott dag til fjells. Det vart jamvel bittelitt bading i ein bekk på veg ned.

Då me kom heim lagde ungane middag med fiskepakkar på bålpanna, med eigen fangst frå vatnet her heime.


mandag 17. juni 2013


Siloane er demontert etter ca 30års tjeneste. Kyrne beitar nesten alle ekrer her heime, og leigejorda blir balla, så dei gjorde ikkje så stor nytte lengre. Litt godt å få vekk siloane som har så mange faremoment. Nå har me eit nesten to meter høgt tett gjerde/vegg i fôrrommet. Jonas syns det var litt dumt at han ikkje kunne vera med i siloen meir, men då eg klipte plenen visste dei råd. Dei rakte saman plengraset og heiv det oppå trampolinen. Faktisk mykje bedre enn å hoppa i siloen. Det kjem sikkert til å bli gjentatt , sjølv om det var ganske arbeidsomt å greia gras ut av håret...


mandag 10. juni 2013


Graset gror, og hurra for det! Og så var det denne plenen som skulle klippast.. Litt for lite energi gir mykje nedprioritering, og med problematisk nakke og hovud er det enkelte ting som automatisk ikkje er aktuelt å gjera. Men det kan jo vera flott med løvetann, til sitt bruk, og litt blomstereng gir ein veldig fin variasjon.




mandag 3. juni 2013

Søndag var ein relativt grå dag, med kald vind på toppane. Ull er gull.
Hodnafjell er ikkje eit stort fjell, men det er ganske majestetisk og luftig, med flott utsikt frå toppen.


tirsdag 28. mai 2013

Det gjer godt med sol og varme dagar. Skogen er grøn, kyrne har fått koma ut og denne helga sov me i lavvo på plenen som burde klippast. Litt for mykje som skulle vore gjort, men det er viktig å ikkje berre gjera ting som må gjerast.

mandag 20. mai 2013

Denne helga har me hatt sommar. Med strålande sol og varm vind har me  kost oss skikkeleg ute. Me har bada i sjøen, (eg vassa og ungane bada skikkeleg,) me har ete is og nokon av oss har sove ute. Trærne har plutseleg blitt grøne, og graset strekker seg og dansar i vinden.

mandag 13. mai 2013

Kan det vera fisk? Kan det vera at me ikkje blir våte? Viss bare me når litt lengre ned, under brygga kanskje, i alle fall nedi vatnet...