mandag 25. juni 2012


Onsdag var me til fjells med sauene. Jostein, eg og Tinka.
Sauene oppførte seg fint, og turen gjekk greit.
Det var tjukke skyer og regnbyger, og eit glimt av sol.
På Løkjene gjekk elva langt over stien og støvleskafta, så me hadde mykje vatn med oss på siste biten opp.



Det er så fantastisk fint oppover...





tirsdag 19. juni 2012



Jonas og Selia har laga seg åker.
Skikkeleg åker, med reddikar, poteter, gulrøtter, diverse kål, selleri, tomater, paprika, solsikker, erter, og diverse blomar. Eg har ikkje heilt kontroll på det, for dei planta og sådde då eg hadde feber...
Dei har kjøpt litt frø av og til, og så var dei med mormor og bestefar og kjøpte planter som dei valgte sjølv. Dei fekk litt hjelp til å planta og så, (og til å setta gjerde rundt så sauene held seg vekke,) og så har dei vore flinke til å vatna og passa på. Det spirer og gror, og me gledar oss til å smaka etter kvart.

mandag 11. juni 2012


Blåsa løvetannfrø, eller bare plukka...


Og plukka gjenstridig gras


Det gjeld om å vita kva ein vil, og ikkje gi seg




mandag 4. juni 2012


Boble, utanfor kvardagen.
Kloster, intenst, utfordrande,   søvnmangel, og massevis inspirasjon.

Fabelaktig...


mandag 28. mai 2012


Epletrærne blømer, og eg klarer ikkje la vera å ta bilder av blomane. Sjølv om eg gjer det kvar vår, eg har hundrevis av bilder av desse blomane... 






onsdag 23. mai 2012


Endeleg nesten feberfri. Skikkeleg dårleg timing å bli sjuk akkurat når sommaren kom, men heldigvis er det berre eg som er sjuk.

Her er eit bilde av det minste sjarmtrollet. Ho er veldig glad i huer.



tirsdag 15. mai 2012



Endeleg har eg fått opp bilder på dørene til ungane. Både eg og dei er ganske så nøgde med desse.   Viss du ser godt etter, så har dei også sjølv skrivd navnet sitt på døra, med kulepenn... Ikkje heilt som eg hadde tenkt, men så har dei i alle fall sett sitt personlige preg på dørene.