mandag 6. juli 2015


I går gjekk turen til fjells, for å sjå korleis det står til med beite til sauene, som ennå går heime. Me køyrde til Tysseland denne gongen, og gjekk mot beitet, retning Sauda.



Herleg med sommartemperatur i lufta, og delvis sol. Veslesøster vart litt bilsjuk på veg innover, så ho fekk sitja på ryggen opp dei tyngste bakkane.


Då me var komne så langt at me nesten møtte stien me pleier å gå, skulle me over elva. Det er framleis snø i fjellet, så vatnet var kaldt, og gjekk til knes på oss vaksne, og då me kom over elva fann me ut at me var på ei halvøy av steinar så store at me ikkje kom over, så me måtte uti igjen for å komma rundt den største steinen.. Då var eg glad det var varmt i lufta, så me fort fekk varmen igjen i føtene.

 

Etter mat tok bonden turen vidare for å sjå beitet betre, medan me andre tok det litt rolegare. Dei store ungane bada i elva, slik store ungar gjerne gjer.


Då me skulle heimover måtte me ennå ein gong gå gjennom det kalde vatnet, men denne gongen klarte me oss med ei kryssing.



 
Alle var godt nøgde med ein flott tur. Kira sette pris på pause på heimvegen, og i bilen heimover sovna både Kira og dei to små, som nesten ikkje ville vakna for ein is i Sandeid. Men då dei fekk is vakna dei skikkeleg.

mandag 22. juni 2015


Ein smak av sommar. Plenen veks oss over hovudet, og blømer meir og meir for kvar dag. Førstslåtten vart berga for ei veke sidan her heime, men me har noko leigejord som blir litt seinare. Kopplamma er slakta, potetene spirer i åkeren, dei store ungane har fått skuleferie og me har fått kjenne litt på varmare dagar.



søndag 24. mai 2015


Veslebror går og går og går. Ute kan det vera godt med ei hand å halda i. Det er mykje som skal utforskast. Og mykje spennande som skjer.


For to veker sidan kjøpte me oss ein ny kvelp. Ei fin lita tispe som heiter Kira. Så nå har me ein grå, ein svart og ein brun Border Collie. Me håpar Kira blir til god hjelp med sauene etter kvart.


Denne veka har me kjøpt kyllingar. Me har vore utan høner ei stund, og fann ut at det har me vore lenge nok nå. Første natta fekk kyllingane vera inne på kjøkken, før dei flytta ut i hønshuset. Der vart dei ønska velkommen av ei av våre gamle høner, som me har lånt tilbake for å passa på dei ei stund.




Ellers gledar me oss over at ungane har fått eit nytt søskenbarn.
Og eg har hatt ein flott tur over fjellet, til jubileumsfest på Kvitsund. Det var plutseleg 20 år sidan eg var russ...


tirsdag 5. mai 2015


Neida, eg har ikkje gløymt bloggen, og eg har heller ikkje gitt opp.
Trur dette er den travlaste april eg har vore borti. Men nå er lemminga over, sauene er ute, mva-oppgåver er leverte, eg er i gang med sjølvmeldingar, og konfirmasjonen er vel gjennomført med ein flott konfirmant som eg er tante til.
Veslebror er godt i gang i barnehagen, og det går greit for ei tid med nesten dobbelt så lang veg til jobb og levering i to barnehagar. Eg er jammen glad han har fått plass frå august i 'vår' barnehage, der veslesøster går.

onsdag 25. mars 2015


Eg har vore på kurs. Ei skikkeleg avkobling frå kvardagen, med masse lærdom og inspirasjon. Flinke kursholderar og modellar.



Jubilanten vår denne helga er ikkje like erfaren og velvillig framfor kamera. Og det er sånn det skal vera. Men han er nå bare best, akkurat sånn som han er.



torsdag 12. mars 2015


Hageselskap i dag, med kaffi, kakao med jordbærsmak, sjokoladekake og krokus. Ein nydelig vårdag med sol frå me stod opp.




tirsdag 10. februar 2015


Helga for to veker sidan var Jostein til fjells ilag med bror sin.
Eg syns det er flott at han reiser til fjells, men eg kjende på frustrasjon over at eg heller ikkje denne gongen kunne bli med. Igjen sat eg att heime, denne gongen utan bil, og utan energi til å gjera noko spennande ilagmed ungane.

Veka etterpå såg Jostein eit tilbud på pulk/sykkelvogn, og spurde om me skulle kjøpa den og ta ein tur til Nonsbu heile familien? (Eigentleg eit dårleg teikn at me ikkje har skaffa oss pulk for lenge sidan, men..) Eit slik forslag var klingane musikk i mine øyre, så eg sa JA, og reiste på butikken tidleg neste dag for å kjøpa pulk. Der hadde dei ikkje fått inn denne pulken som dei hadde tilbud på, men etter litt om og men, fekk me kjøpt den etter kvart. Værmeldinga var lovande og hjertene gleda seg. Ungane hosta, og nettene var ikkje dei beste, værmeldinga forverra seg noko, og tvilen kjempa mot lengten etter fjellet.

Onsdag gjekk Jostein inn til hytta med proviant, eg sydde sitteunderlag av reinsdyrskinn og ullteppe til å ha i pulken, torsdag pakka me, og me ba dei store fri frå skulen fredag. Værmeldinga sa flott fredag, dårleg laurdag og ok søndag. Og så reiste me, fredag morgon.


Sola skein frå blå himmel, nesten ikkje eit vindpust å kjenna, føret var bra og dagen var makalaus. Me brukte god tid inn til hytta, hadde gode pausar og pulken virka bra for både førar og passasjerar.
Etter fem timar ute på ski var det godt å koma fram til hytta, fyra og laga mat.

Laurdag var været veldig skiftande, med mykje luft og snø, men og glimt av sol. Me heldt oss i og rundt hytta, fyrte og hadde det varmt og godt.



Søndag prøvde me å koma tidleg ut døra, sidan værmeldinga lovde snø og etter kvart regn utover dagen.


Me kom ikkje så langt før det vart godt med snø i lufta, så det vart ein kvit tur, med kort matpause. Dei i pulken hadde det lunt og godt, men syns det var lang nok tur i ruskaværet.
Etterpå smakte det godt med middag og kake på Rygg hjå bror til Jostein, før me fortsette heim til eit iskaldt hus.


Alt i alt hadde me ein makalaus tur, med mykje vær og mange flotte opplevingar.