tirsdag 15. mai 2012
Endeleg har eg fått opp bilder på dørene til ungane. Både eg og dei er ganske så nøgde med desse. Viss du ser godt etter, så har dei også sjølv skrivd navnet sitt på døra, med kulepenn... Ikkje heilt som eg hadde tenkt, men så har dei i alle fall sett sitt personlige preg på dørene.
tirsdag 8. mai 2012
Meir vårskog.
Lufta full av fuglesang, plutselige solglimt som får skogen til å skinna. Hakkespettar som hakkar og insekter som surrar, og så godt når ein kjenner varmen frå sola når ho dukkar fram.
Det gjer så godt å vera ute.
onsdag 2. mai 2012
Den lysande nygrøne skogen om våren er fantastisk flott! Spesiellt bra blir det når det er sol og varme. Då nyttar det ikkje å kjenna etter på hovudverk og forkjøling.
I går var heile familien på tur i ein sjølvlysande grøn dinosaurskog, med spor etter både Velociraptorar og Gigantosaurar.
tirsdag 24. april 2012
Kjære Mormor
Eit varmt smil - to velbrukte hender - Jesus i hjarta - det var MORMOR.
Smilet som lyste opp når me kom, ønskte velkommen, ville oss vel.
Flittige hender, alltid til nytte. God mat, varme sokkar og tepper, arbeid og bønn.
Eit stort hjarta, med rom for alle.
TAKK, for den du var!
tirsdag 17. april 2012
Glimt frå ei roleg stund.
Tenkte eg skulle legga ut eit snøværs-turbilde frå søndag, men så stoppa eg ved desse.
Mange tankar for tida, ikkje alltid tankane er der dei skal.
Eller kanskje det er rett, at dei skal vandra?
Mormor er veldig dårleg. Ho var 100år for eit halvt år sidan, så det er heilt naturleg,
men likevel litt rart...
onsdag 11. april 2012
onsdag 4. april 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















