onsdag 22. juni 2016

Nytt fjellbeite, for oss og våre sauer, på makalause Hardangervidda.
I fjor var første året vårt i eit beitelag på Hardangervidda, men på grunn av store snømengder kom ikkje sauene til fjells her i fjor. Laurdag var dagen for fjellsending.

Starten heimefrå vart nokre timar seinare enn først tenkt, og med fire timar kjøring var klokka halv fire då me byrja å gå med sauene. Me reiste til fjells ilagmed ein flokk som går i same området som våre skal vera. Mange av sauene i den andre flokken er kjende i beitet, men der var også eindel fjorårslam som ikkje hadde vore der før. Heldigvis er denne bonden veldig godt kjent. Oppover første bakkane gjekk det noko seint, med mange sauer som ikkje visste kor dei skulle, godt beite som frista svoltne sauer, ein Vegvisar som gjekk føre og viste veg men måtte hjelpa til å jaga, eg, Bonden og Hjelparen som ikkje visste vegen, og to hundar som også hjelpte til så godt dei kunne.

Då me kom lengre opp gjekk det noko lettare, sjølv om sauene stadig gjekk litt her og der, og me ikkje alltid kunne sjå fram til vegvisaren kor ferda skulle gå.

Sola skein og det var varmt. Fantastisk flott landskap å gå i. Eg gjekk der og gleda meg over alt det flotte. Og eg tenkte på at når me var komne fram med sauene, skulle det bli godt med ein god matpause i sola før me snudde heimover.




Etter kvart vart det mykje snøfenner, skodde og regnbyger.


Då ville ikkje sauene gå. Dei ville ikkje gå utpå snøen, og når me fekk dei utpå snøen søkte dei mot kanten i staden for å følgja vegvisaren over fennene. Kanskje ikkje så løye når dei ikkje såg anna enn snø, og ikkje visste kor dei var på veg.

Vegvisaren står på venstre sida framfor flokken.


Skodda letta noko, me kom fram der me skulle, og me kunne sjå korleis det var der.


Eg trur sauene får ein flott sommar på fjellet. Nokre har me radiobjødler på, så me veit at dei framleis er der dei skal vera.
Bonden og hjelparen hadde med seg telt og soveposar, for dei ville ikkje heim att før søndagen. Eg følgde vegvisaren ned att til bilen, der me kom litt før elleve om kvelden. Godt med lange lyse sommarkveldar, og veldig korte netter, det var lyst igjen før eg var heime.

Det vart ein lang dag, med ein fantastisk flott og innhaldsrik tur. Vegvisaren, Bonden, Hjelparen og hundane gjorde ein kjempejobb. Og eg gjorde så godt eg kunne.
TAKK for turen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar