tirsdag 24. april 2012


Kjære Mormor

Eit varmt smil - to velbrukte hender - Jesus i hjarta - det var MORMOR.

Smilet som lyste opp når me kom, ønskte velkommen, ville oss vel.

Flittige hender, alltid til nytte. God mat, varme sokkar og tepper, arbeid og bønn.

Eit stort hjarta, med rom for alle.

TAKK, for den du var!



tirsdag 17. april 2012


Glimt frå ei roleg stund.
Tenkte eg skulle legga ut eit snøværs-turbilde frå søndag, men så stoppa eg ved desse.

Mange tankar for tida, ikkje alltid tankane er der dei skal.
Eller kanskje det er rett, at dei skal vandra?

Mormor er veldig dårleg. Ho var 100år for eit halvt år sidan, så det er heilt naturleg,
men likevel litt rart...