mandag 28. januar 2013

Bondevennen



Bondevennen nr 4, 2013. Her har eg bidratt, med tankar i tiden, bv-rampen.
Ikkje heilt etter mine eigne forventningar til meg sjølv, men då eg fekk utfordringa til å skriva kunne eg ikkje seie nei, for dette hadde eg faktisk lyst til.
For dei som ikkje kjenner til Bondevennen så er det eit fagblad for bønder i sør- og vest-Norge, og det kjem ut ca ein gong i veka. Eg skal skriva meir, seinare. Me er fleire som byter på å skriva her.


onsdag 23. januar 2013



Me har hatt nokre utruleg flotte dagar på isen. Kalde dagar, men flott sol og vindstille, så med gode klede var det varmt nok å vera ute lenge. Vatnet 'vårt' er stort og isen er slik skeiseis skal vera; blank stålis, med eit snødryss som gjorde det litt lettare for nybegynnerane våre. Det er ikkje kvart år me har skeisene på, og sesongen pleier ikkje vera lang, så det tar nokre år å bli god.




mandag 14. januar 2013


Vintersol, rim og frostrøyk. Vinterdagane kan vera skikkeleg flotte.

onsdag 9. januar 2013

Verdens beste 2åring har hatt fødselsdag. Før me kom oss ut dørene var det eitpar pakkar som måtte opnast. Med solide mengder tape, måtte storebror trø til, og alle var like spent.
Presangane vart godt mottatt, og eg trur gjerne 2åringen kunne tenkt seg å fortsetja med masse kaker og pakkar, slik som dei siste par vekene.


tirsdag 1. januar 2013


I ein travel kvardag er det ikkje så ofte me er alle i fjøsen. Men her er glimt frå eit kveldsstell der alle hjelpte til. Der er mange oppgåver, så alle kan delta. Nokon må sjølvsagt passast på meir enn dei er til direkte hjelp, men det er triveleg å vera med, og sjarmerande med denne undersøkjande hermegåsa som har så mange å sjå opp til.



Sidan me har fått eit nytt år, vil eg takka for alle tilbakemeldingar eg har fått på bloggen så langt, og ønskja dykk alle eit GODT 2013!