mandag 23. mai 2011

jentene i finstasen 17.mai

Denne helga har me vore på Solfonn, i leiligheten til Tveit. Der var det flott! Me koste oss, og Jonas og Selia ville helst berre bada heile tida.

kva er det dei held på med i bassenget?




mandag 16. mai 2011

Bjolandskjerringa
Det varme været har tatt pause, og me har også fått litt etterlengta regn. Me fyrer i ovnen, og Jonas og Selia øver på heiarop til toget i morgon. Jordbruksoppgjeret gjer oss dystre, men ungane lyser opp for oss.
I går var me på Freiåsen, alltid kjekt å komma seg på tur. =)

bramli

utsikt frå Freiåsen

mandag 9. mai 2011




Herleg å vera ute for tida. Varme fine dagar, men me ventar nå på regnet og.
Siste veka har eg tatt konfirmantbilder og familiebilder. =)
Etter skule og barnehage i dag lagde me blomekransar.




mandag 2. mai 2011



I går var eg i studio med meg sjølv som modell. Eg har ikkje så mange bilete av meg sjølv, og er ikkje så veldig glad i å vera på den sida av kamera, men eg fekk eit par bilete som eg syns vart ok.

Legg til bildetekst

Elles den siste veka har me vore på helsestasjonen, (Rakel har omtrent dobla vekta si på 3,5mnd), på babysong i kyrkja, i barselgruppe, i 70-års-lag, Selia har vore i to barneselskaper, me har fått gjort litt i hagen, hoveddelen av lemminga er over, alle sauene er ute, Jonas og Selia har sykla og spikka, me har gått i kortbukse og brukt solkrem. :)