søndag 27. august 2017


Før skulestart fann me ut at me skulle ha oss ein bytur til Oslo. Med kyrne på sommarferie, var det ikkje så mykje planlegging som skulle til. Me køyrde bort ein torsdag, og heimatt på søndagen.


Me er så heldige at me har gode venner i byen, som også har god plass og hadde lyst på besøk.
Dei yngste av oss hadde aldri vore i Oslo før, og me hadde nokre obligatoriske postar på programmet. To heile dagar vart fort fullpakka. Alt tar lang tid med mange føter og små føter, svoltne magar, ulike forventningar, interesser og behov. Likevel fekk me sett mykje, me fekk oppleva sommarvarme og finvær, fantastisk gjestfrihet, og me fekk mange gode minne med oss heim. 
Minstemann spør stadig om me hugsar då me besøkte Guro og han mannen, det var kjekt..









Tusen takk for oss!

mandag 7. august 2017


Årets ferietur hadde me på hytta. Kort veg, men vekk frå kvardagen. Utan straum og innlagt vatn. Dårleg dekning på telefon og mobilnett.
Lange lyse kveldar, og seine late morgonar. Tunge sekker, grei sommarvarme, bading, fisking, pannekaker på bål, blåbær, småturar, utslitne støvlar og regnklede, knott, våte føter, kjeks og sjokolade, sol, ein del regn, tid til å lesa bøker (i fleirtal), gode minne.