tirsdag 28. januar 2014

Mykje kald vind og ennå mørke kveldar. Vinterkveldane er fine, når me berre har nok klær.
Mangt ser annleis ut med berre små porsjonar med lys.

mandag 13. januar 2014


Kvardagen er tilbake, bursdag er feira og vinteren er komen igjen. Stor begeistring når snøen endeleg kom igjen. Ikkje akkurat skiføre, men nok til å aka, og det er herleg å lufta seg ute i snøføyka.

onsdag 1. januar 2014

Jul, fridagar, besøk her og der, mengder av mat, trege morgonar, late dagar, og masse regn og vind.
Eg har komme meg litt ut på tur. Kjem ikkje så langt for tida, men det gjer uansett godt med frisk luft. Slik kan det sjå ut innimellom bygene.


Og når ungane er med kan det sjå slik ut.


Eg vil ønskja dykk alle eit velsigna nytt år!