tirsdag 27. desember 2011


Jul. Masse undring. Leker og ting pakka inn i papir, tre inni stova, med masse pynt på, pynt som skal plukkast og smakast på, selskaper, masse folk, og i kveld juletrefest, med gang rundt juletre. Undrast på kva ho tenkjer.

tirsdag 20. desember 2011

Meir snø. :) Selia og Jonas er strålande fornøyd med snø, og kosar seg masse ute. Me har ikkje den store vinterkulden, og det er nå like greit. Men det er så lyst og flott med snø.
Rakel er ikkje noko stor fan av snøen ennå. Ho må kjenna på den, litt undrande liksom, men så skrik ho når ho kjenner kulden.

onsdag 7. desember 2011

Vinter, advent, snø, lys, moms, baking, julekort, presangar...
Slutten av november var så mørk og sur, og eg gledde meg til advent med lyspynting, og eg tenkte at jammen er det godt me har advent og jul i denne mørketida.
Og då desember kom så vart det så flott med snø og måneskin og stjerner både inne og ute. Ungane er ute og akar og lagar snømenn, og kjem inn kalde og våte og glade. Her om dagen stod det plutseleg ei snødame og kika inn terassedøra, ho heitte Lise, og hadde langt svart hår. I går vart det desverre litt for mildt, så ho vart så mjuk at hovudet datt av... Saknar henne litt.

tirsdag 29. november 2011

Bøker er fantastisk! På så mange måtar.
Rakel likar veldig godt å bli lest for, og å sjå i bøker sjølv. Jonas og Selia har også likt det veldig godt frå dei var bitte små.
Nå har me nett lese ferdig 'Tonje Glimmerdal' av Maria Parr. Det er verkeleg ei bok å anbefala! Ei flott historie som inneheld det meste, spenning, kos, glede, sorg, humor, alvor, og overraskingar. Boka er skrive på eit godt, levande språk. Til tider sprudlande, og godt egna for høgtlesing - orda glir fram med handlinga, og ungane vil heile tida at me skal lesa meir. Og attpåtil så er ho skriven på nynorsk - veldig bra! Midt i blinken for både 6-åringen og 8-åringen.

tirsdag 22. november 2011

tirsdag 15. november 2011

Travle tider med kurs på Sola to dagar sist veke og ein dag denne veka. Godt å ha ei så super søster på sørsida som stiller opp som barnevakt og hotell.
Møkje skodd har me også hatt, litt surrealistisk å kjøra så langt og nesten ikkje sjå noko.
Elles så har det nye badegolvet endeleg blitt lilla. :)

mandag 31. oktober 2011

mandag 24. oktober 2011

Ein annleis fisketur. Me hadde oss ein tur ut i beite, for å sjå på fisken i bekken. Då måtte me jo prøva for løye å få tak i fisk. Det vart ganske så livlig, for fisken var så rask, og vanskeleg å sjå nedi vatnet, men me klarte etter mange forsøk, å landa fisk med hendene, til stor jubel.


 

tirsdag 18. oktober 2011

Deilig haustferievær i fleire dagar. Herleg å vera ute.
pølsepinne

tirsdag 11. oktober 2011

Dei tunge dagane er det slitsomt å ha slike små som krever heile meg, men du all verda for nokre solstråler dei er desse små gulla. :)

Me har hatt ei travel helg med mykje feiring. Mormor vart 100 år på laurdag! Ein imponerande alder, og ei utruleg dame.  Det er sjeldan kost å samlast nesten heile storfamilien, men det var veldig triveleg å kunna samlast ved ein slik glad anledning. Og så var det veldig kjekt med søskenbarntreff her om kvelden. Eg er utruleg heldig som har så mange kjekke søskenbarn og søsken. :)
Søndag var me i dåp hjå bror til Jostein, så det var mykje kaker og slekt på ei helg. :)
jubilant med barnebarn og oldebarn, nesten alle

mandag 3. oktober 2011

tirsdag 27. september 2011

I helga var me på tur til Budapest. Eg, Jostein, Rakel, og 182 andre frå jobb, (ansatte og følgje). Me hadde ein flott tur, med skikkeleg sommarvarme. Det gjekk heilt fint å ha Rakel med, men det var jammen godt å koma heim og, til Jonas og Selia. Her er nokre glimt frå det me såg i Budapest.

tirsdag 20. september 2011


Sauer i fleng. Jostein har vore på sauesamling nokre dagar, og på søndag reiste me til Etne for å sjå når drifta kom ned frå fjellet. Jonas og Selia fekk også vera med inn i hegna der dei skilde flokkane.

tirsdag 13. september 2011





Jostein har henta sauene heim frå fjellet. Då skal lamma vegast, og nokre skal slaktast. Andre slapp ut på beite heime.







På søndag var me med på Sluseløpet. Det var kjekt, og Jonas og Selia fekk medaljer. :)



mandag 5. september 2011




Eg syns Rakel blir meir lik Jonas etter kvart. 
Dei siste dagane har ho funne ut at dørstokkar er ingen hindring, og trappa er berre ei utfordring, (to trinn) så nå kryp ho på tur rundt omkring. Gjerne på eiga hand så eg må henta henne. Her fann ho vegen til Jonas sitt rom.




mandag 29. august 2011



Søndag var me til Freiåsen på friluftsgudsteneste. Me fekk sol i år og, men rikeleg med vind, så det var godt med ull og regnklede, sjølv om regnet venta til me var komne heim.





mandag 22. august 2011



Storajentå vår har begynt i første klasse. =) Det var litt spennande, men mest kjekt. Og så er det veldig greit med storebror i tredje klasse.



mandag 15. august 2011



Det er møkje spennandes her i verden som skal studerast.
Rakel er ei jente som vil ha med seg alt som skjer. Og ofte når ho har vore borte frå ein av oss ei stund, så bablar ho i veg med lange forteljingar som berre ho forstår. Undrar meg på kva ho tenkjer. :)