mandag 30. juni 2014

Etter me gav vekk hønene våre og dei flytta til Sveio, har eg tenkt at eg måtte laga ein kompostbinge. Her om dagen snakka eg med mannen om dette, og han sa at det kjem du aldri til å få gjort. Dagen etter for han og dei tre store av stad og kjøpte kalkuner. Så her er den nye kompostbingen vår..

mandag 16. juni 2014

Heimefødselen
Tenkte eg skulle fortelja litt meir om fødselen, sidan det vart så bra. Så her kjem teksten som stod på trykk i fagbladet Bondevennen der eg skriv litt innimellom:


Sidan sist har me hatt den store gleda å bli 4-barnsfamilie.
Denne gongen var me så heldige at me fekk ein planlagt heimefødsel, med to flotte jordmødre til stades, Torhild og Siv-Anett. Torhild har svangerskapsomsorg i Tysvær, og arbeider på fødeavdelinga i Haugesund, i tillegg til at ho tar heimefødsler i samarbeid med Siv-Anett. Dei har lang erfaring, og ser mange fordeler med heimefødsel når tilhøva ligg til rette for det. Eg hadde høyrt og lese mykje positivt om heimefødsler, og etter som fødselen nærma seg vart eg berre meir sikker på at dette var det rette.  
I god tid før termin var jordmødrene på heimebesøk, for å planlegga fødselen, og for å finna vegen. Me fekk også timeplanen deira for dei siste vekene før termin, slik at me kunne sjå når dei var ledige slik at me kunne ha fødselen heime.
Fødselen starta med at vatnet gjekk ca kl eitt natt til laurdag ei helg med nattevakter for Siv-Anett og kveldsvakter for Torhild. Eg snakka med Jostein, og ringde Torhild for å informera om at me var i gang. Deretter la me oss alle til å sova att. Eg sov noko, men låg også og kjende på at riene kom i gang.
Jostein gjekk i fjøsen som vanleg då morgonen kom, og eg snakka med Torhild igjen etter kvart. 3 spente storesøsken vart henta av besteforeldre, med instruksjonar om barneselskapet som 3-åringen skulle i.
Då me åt frukost vart riene hyppigare, og eg og Torhild vart enige om at dei skulle koma. Eg kvilte meg, som eg fekk beskjed om, medan Jostein fyrte, rydda litt i vårt vanlege kaos og fann varmeflaske til ryggen min. I 10-tida kom begge jordmødrene. Dei fann fram utstyret sitt og fekk seg kaffi, me prata litt og tok imot reporter og kameradame frå TV-Haugaland. Etter å ha snakka litt med TV-Haugaland om heimefødsel, fekk eg akupunktur for smertelindring og riestimulering. Heile tida hadde eg noko rier, som ikkje kjendest så veldig kraftige. Ikkje noko stress og kav, berre ro og fokus på det som skjedde. Ro i huset, fyr i ovnen, beste mannen og trygge erfarne hjelpsame jordmødre. Sjølv om riene ikkje var så veldig vonde, gjorde dei jobben, og snart var det tid for badekaret. Levande lys og varmt vatn i badekaret lindra effektivt. Riene avtok også litt ei stund, så eg måtte opp og gå litt for å få meir fart på dei. Etter litt hardt arbeid vart veslebror fødd i badekaret kl 12.56. Ein heilt perfekt gut på 50cm og 3900g ifølgje koffertvekta til jordmor. Etterpå kunne me kvila ut i vår eiga seng, eg kunne få mat og drikke akkurat når eg ville, Jostein kunne vera ilag med oss og ta vare på oss, og 3 begeistra storesøsken kunne koma heim og helsa på veslebror når det passa oss.
Det var ei fantastisk fødselsoppleving, noko heilt anna enn sjukehusfødsel. Sjølv om dei to siste sjukehusfødslane var greie, har eg aldri heilt klart å finna roen på sjukehuset. Heimefødsel er absolutt å anbefala når det er eit alternativ. Folk flest seier me er tøffe når dei høyrer me hadde heimefødsel, men for meg kjendest det både tryggare og lettare enn sjukehusfødsel. Eller kanskje folk eigentleg berre meiner me er sprø som hadde lokal-tv med på fødselen?