tirsdag 25. september 2012

Ettersamling


Nu er jeg stålsatt, jeg følger det bud,
der byder i høyden at vandre !
Mitt lavlandsliv har jeg levet ut;
her oppe på vidden er frihet og Gud,
der nede famler de andre.
                                                     Henrik Ibsen

Første gong eg kjende dette verset, stod eg på toppen på Folgefonna ein solskinnsdag i mai for mange år sidan. Sommarkledd med ski på føtene og halvsmelta sjokolade i sekken, fantastisk utsikt, og godt sliten etter ein flott tur gjennom fleire årstider.


I går var eg og Jostein på ettersamling i eit fantastisk vær, fjellet skein i haustfargar og sol, og det var skikkeleg slitsomt, men fabelaktig!
Oppi snøen var det ikkje lett å sjå dei kvite ulldottane av nokre dyr, og vinden gjorde det vanskeleg å høyra bjødler. Me fann 7 av dei 14 dyra me mangla, og fekk dei med oss heim. Ikkje heilt fabelaktig, men noko var det nå.


Eigentleg skulle bloggen denne veka handla om konkurransen og kalvar, men har eg vore til fjells så har eg vore til fjells...

Bloggen min kom på 3.plass i bygdeblogg-konkurransen! Det var kjekt å vera med på. Ta gjerne ein kikk på kuprat som tok 1.plassen. :)

Siste veka har me sett inn kyr og kviger, og me har fått to kalvar. Jostein var til fjells på ettersamling i Etne fredag og laurdag, i snø, og alle ungane var flinke å hjelpa til med fjosen. Ekstra kjekt å gi kalvane.

mandag 17. september 2012

 
Bygdeblogg-konkurransen er over, men resultatet er ikkje offentleggjort ennå. For nokre dagar sidan var det to av dei andre bloggane som låg i tet, så eg reknar med ein av dei har vunne.
Det var kjekt å vera med, og veldig stas å komma til finalen.
Eg vil takka alle som stemte på meg! Og så må eg takka for alle positive tilbakemeldingar, det set eg stor pris på!
 

Denne helga var Jostein god hjelpar på sauesamling hjå broren sin, torsdag til søndag. Så då hadde eg og jentene eindel turar i beitet og såg til kyrne. Det nærmar seg snart kalving, og den eine kua hadde laga seg såpass med jur at det var best å følgja med. Det har ikkje kome nokon kalv ennå, men me hadde nokre fine turar.





mandag 10. september 2012

Bygdebloggfinalist!



Det er rett og slett litt fantastisk, at litle, fine bloggen min, er ein av fem finalistar i Nationen si kåring av Norges beste bygdeblogg...
Meir om kåringa, og avstemmingsboks finn du her. Avstemminga går til 15.september, og ein kan stemma ein gong dagleg frå kvar datamaskin. Eg er takksam for alle stemmer eg får.


Potetene i åkeren måtte opp her om dagen. Då var det nokon som hadde venta lenge nok. Det var fine poteter, og eitpar av dei var ganske store. Ikkje så veldig mange poteter, men nok til eitpar middagar. Og planane er klare for STOR potetåker neste år, for dette var kjekt!


Jostein har vore til fjells att med ein god hjelpar, og dei fann alle sauene som var att. Dei fleste av dei fekk dei med seg heim, men nokre var framleis veldig bestemte på å vera lengre.




tirsdag 4. september 2012


Laurdag var me på sauesamling. Eg og Jostein og to gode hjelparar. Været var ganske fint, og fjellet er så flott! Litt haustfargar fann eg, og masse nydelige blåbær - synd eg berre hadde tid til å plukka litt i munnen i forbifarten.


Det vart tidenes sikkert mest mislykka sauesamling. Mange av sauene fann me ikkje, sjølv om me gjekk og gjekk og gjekk. Nokre av dei sauene me fann var så imot å koma heim, at dei tok til palings og forsvann. Og resten måtte me krangla med sidan dei gong på gong snudde nasen oppover att.




Til slutt kom me ned til hegna med halve flokken, skikkeleg møre og slitne, og skuffa men heldigvis ikkje heilt motlause. Det blir nok eindel fleire fjellturar i haust, ja.

Men dei lamma som kom heim var i alle fall flotte.