onsdag 21. januar 2015

Permisjonen er over, og eg er tilbake på arbeid. Godt å komma tilbake, men og godt å kunne starta litt roleg med to dagar i veka ei stund.


Veslesøster er ferdig med bursdagsselskaper, og var godt nøgd med kjolar i presangane.



tirsdag 6. januar 2015

 
Endeleg er me på nett igjen, etter nesten ein månad utan kontakt. Jammen godt med telefon som kan brukast til nettbank, lasta ned frå Altinn og NAV og overføra til datamaskinen for utskrift.  Då får me gjort det viktigaste, sjølv om det er noko tungvindt. Eg har ikkje prioritert bloggen, den omvendte vegen, men nå er eg tilbake.


Godt turlag gir ein god start på det nye året. Søndag var nokon av oss på Staklandsåsen. Litt snø, litt sol, og ei god sluddbyge på heimveg. Sjølv om det ikkje er høgt, er det flott utsikt på toppen, med Hodnafjell, Valhest, Skjoldafjorden,


og så ser me ned på tunet heime.