tirsdag 25. desember 2012


Lyset skin i mørkret,
          og mørkret har ikkje overvunne det.
Bibelen, Johannes 1,5

tirsdag 18. desember 2012


Eg gjekk forbi ein busk full av nyper. Bare nakne greiner og frosne nyper.
Inntørka og skrukkete, ikkje direkte slåande vakkert, kanskje.
Skulle kanskje heller lagt ut bilde av snøtung eventyrskog, stjernehimmel og solnedgang.
Men eg syns nå desse nypene var vel så spennande å ha på bilde.
Ein liten, stillferdig fargeklatt.

mandag 10. desember 2012

Tid for julekort. Ja, me er alltid litt seint ute, det er ikkje alltid så lett å finna tid til alt som skal gjerast. Men i dag var altså dagen kommen for fotografering til julekort.
Dette bildet er ikkje Julekortbildet med stor J, men det syner korleis fotograferinga gjekk føre seg. Ekstra stas å gjera ablegøyer med ei lita hermegås på laget...
Elles så er me godt i gang med presangar, nokre er alt avlevert, og me har bakt kakemenn og peparkaker. Kakemenn lagde me ganske mange av, men dei minkar fort på mystisk vis...

mandag 3. desember 2012


Snø.
Det er noko magisk med snøen. Alt blir så mykje lysare og lettare når snøen kjem. Sjølv om det er kaldt, og eg er ein frostpinne som ikkje likar å fryse, så er det så flott med snøen, at eg berre må lika det. Å trø ute i snøværet, med eller utan ski, og innimellom få eit solglimt, det er jo så flott! Eller gå ute om kvelden, med knirkande snø under føtene, frost som bit, og ein fantastisk stjernehimmel...
Det er jammen flott med skikkeleg vinter. Og så har eg veldig mange flotte turminne som inneheld snø. :)
På same tid så er det veldig greit i vår travle kvardag når det er mildvær, og me slepp å pakka oss inn i mange lag ull, skrapa is av bilen, måka snø og kjøra på glatte vegar. Men det er jo ganske mørkt og kjedeleg med regnvintervær.

Eg treng den magiske snøen.

På fredag var eg og Jostein til fjells att, for å sjå etter dei bortkomne kvigene. Då gjekk me i 15cm nysnø, snøbyger og eit fantastisk vinterlandskap... Me fann ikkje kviger, berre hjort, men me hadde ein nydeleg tur.
Laurdag og søndag var det aking i bakkane heime.


onsdag 28. november 2012


Det er travle tider, og mykje innetid. Dei siste dagane har eg vore på kurs på dagtid, og hatt fullt program på ettermiddagane. Håpar på ei fin helg med mykje utetid. :)

mandag 19. november 2012


Det er skikkeleg haustleg for tida, med mykje vind og regn og mørkt og kaldt. Slik som i dag har det regna og regna og regna, og skydekket er så tjukt og tungt at det har nesten ikkje vore skikkeleg dagslys. I går fekk eg innvilga ein tur for meg sjølv, i ruskaver med glimt av sol, og flotte skyer. Og så er det jo ekstra godt å komma inn og varma seg med fyr i omnen.

tirsdag 13. november 2012

sko


Desse fabelaktige skorne kjøpte eg i Steinkjer i 1996.
Dei har gått mangfoldige mil, og varma føtene mine mangfoldige timar.
Dei har vore imponerande stødige på knallharde, nybrøyta Steinkjerfortau, og på is og i slaps.
Dei har vassa gjennom snø som dei ikkje såg over, og dei har knirka så flott i sprengkald midtvintersnø...
Etter me flytta sørover att har dei hatt det litt rolegare, ikkje ganske så kaldt, ikkje ganske så lange vintrar, og ikkje så mykje vandring.
Men dei har trufast varma føtene mine til og frå jobb, og medan eg har skrapa islagde ruter på bilen. Og sjølvsagt har dei vore med ut på tur her og, sjølv om det ikkje har vore så travelt som då me budde i Steinkjer.

Men nå er det slutt, eg har kjøpt meg nye vintersko.
Så nå går desse i søpla, snart...

mandag 5. november 2012


Då me bygde på huset vart det gamle vaskerommet til ein gang midt i huset, eit tomt rom med golvlunk, og foreløpig god plass til å teipa opp tegningar på veggene, leika, dansa og boltra seg. Eigentleg litt fantastisk luksus.
Me skal ha inn ei trapp, etter kvart, men det er nesten så eg ikkje har lyst å utnytta rommet elles slik me har tenkt...

tirsdag 30. oktober 2012


Tysdag brukte eg ein feriedag frå jobb, og var med Jostein til fjells på kvigeleit, (ikkje våre kviger). Desverre såg me ikkje snurten av kvigene, men me fann noko sau, og fekk nokon av dei med ned til sivilisasjonen. Me var utruleg heldige med været; frost, sol og klart og nesten ikkje eit vindpust.
Er det rart eg er 'galen itte å gå tur'? Det er jo så flott!


mandag 22. oktober 2012

tirsdag 16. oktober 2012

Sjå på kyr


Det er veldig kjekt å vera med pappa å jobba, eller bare sjå på dyra. Så når me treff på pappa ute, så er det berre å følgja etter.

Litt skummelt å gå over fôrbrettet, med alle dei store kyrne som ser på. Men med pappa i andre enden er motivasjonen stor.


Og på pappa sin arm går det an å klappa på kalvane, litt forsiktig..

Det er litt spennande å sjå på kyrne, men best å stå rett attmed pappa.
Ganske fint å stå her med pappa, treng ikkje sjå oss bak då, eller...
Må visst stå ennå nærmare pappa, for sikkerhets skuld.

Andre gonger er det full fart over alt...
I går fekk Rakel si ku ein kossekalv, og i dag var Rakel med i fjosen, og såg på 'Rakel mø' og 'pappa mø'.





mandag 8. oktober 2012

bryllup

Laurdag var det bryllup i familien. Jostein sin kjære storebror fekk si utkåra hustru, og alle hjerter gleda seg.
Selia var stolt brudepike ilag med tri andre prinsesser, Jostein var forlovar, og eg fotograferte, så det var mykje å passa på. Då var det trygt med ei storebrorhand å halda i.

tirsdag 2. oktober 2012







Brunøyrepus er veldig glad i ungane, og er gjerne med når dei er ute og leikar. I det siste har det vore halmen som er det store. Ikkje minst når det er vått og surt ute, så er det greit å kunna leika ute under tak. Me har ikkje så mykje halm akkurat nå, men akkurat nok til å hoppa i.


Elles har me hatt årets selskapsmaraton. Med tre fødselsdagar på fem dagar, familieselskap og to klasseselskap, så har det vore travelt nok. I tillegg har me fått fleire kalvar, og Jostein har henta nokre fleire sauer frå fjellet. Ganske intenst med klasseselskap, veldig greit med stor plass ute til å få ut energi, og greit med halm til å hoppa i. Det er jammen meg nokre herlege ungar, alle saman.

Til det eine selskapet lånte eg ei oppskrift frå An-Magritt . Her med vanleg sukker, og utan topplokk. Det var kake som gjekk unna.

tirsdag 25. september 2012

Ettersamling


Nu er jeg stålsatt, jeg følger det bud,
der byder i høyden at vandre !
Mitt lavlandsliv har jeg levet ut;
her oppe på vidden er frihet og Gud,
der nede famler de andre.
                                                     Henrik Ibsen

Første gong eg kjende dette verset, stod eg på toppen på Folgefonna ein solskinnsdag i mai for mange år sidan. Sommarkledd med ski på føtene og halvsmelta sjokolade i sekken, fantastisk utsikt, og godt sliten etter ein flott tur gjennom fleire årstider.


I går var eg og Jostein på ettersamling i eit fantastisk vær, fjellet skein i haustfargar og sol, og det var skikkeleg slitsomt, men fabelaktig!
Oppi snøen var det ikkje lett å sjå dei kvite ulldottane av nokre dyr, og vinden gjorde det vanskeleg å høyra bjødler. Me fann 7 av dei 14 dyra me mangla, og fekk dei med oss heim. Ikkje heilt fabelaktig, men noko var det nå.


Eigentleg skulle bloggen denne veka handla om konkurransen og kalvar, men har eg vore til fjells så har eg vore til fjells...

Bloggen min kom på 3.plass i bygdeblogg-konkurransen! Det var kjekt å vera med på. Ta gjerne ein kikk på kuprat som tok 1.plassen. :)

Siste veka har me sett inn kyr og kviger, og me har fått to kalvar. Jostein var til fjells på ettersamling i Etne fredag og laurdag, i snø, og alle ungane var flinke å hjelpa til med fjosen. Ekstra kjekt å gi kalvane.

mandag 17. september 2012

 
Bygdeblogg-konkurransen er over, men resultatet er ikkje offentleggjort ennå. For nokre dagar sidan var det to av dei andre bloggane som låg i tet, så eg reknar med ein av dei har vunne.
Det var kjekt å vera med, og veldig stas å komma til finalen.
Eg vil takka alle som stemte på meg! Og så må eg takka for alle positive tilbakemeldingar, det set eg stor pris på!
 

Denne helga var Jostein god hjelpar på sauesamling hjå broren sin, torsdag til søndag. Så då hadde eg og jentene eindel turar i beitet og såg til kyrne. Det nærmar seg snart kalving, og den eine kua hadde laga seg såpass med jur at det var best å følgja med. Det har ikkje kome nokon kalv ennå, men me hadde nokre fine turar.





mandag 10. september 2012

Bygdebloggfinalist!



Det er rett og slett litt fantastisk, at litle, fine bloggen min, er ein av fem finalistar i Nationen si kåring av Norges beste bygdeblogg...
Meir om kåringa, og avstemmingsboks finn du her. Avstemminga går til 15.september, og ein kan stemma ein gong dagleg frå kvar datamaskin. Eg er takksam for alle stemmer eg får.


Potetene i åkeren måtte opp her om dagen. Då var det nokon som hadde venta lenge nok. Det var fine poteter, og eitpar av dei var ganske store. Ikkje så veldig mange poteter, men nok til eitpar middagar. Og planane er klare for STOR potetåker neste år, for dette var kjekt!


Jostein har vore til fjells att med ein god hjelpar, og dei fann alle sauene som var att. Dei fleste av dei fekk dei med seg heim, men nokre var framleis veldig bestemte på å vera lengre.




tirsdag 4. september 2012


Laurdag var me på sauesamling. Eg og Jostein og to gode hjelparar. Været var ganske fint, og fjellet er så flott! Litt haustfargar fann eg, og masse nydelige blåbær - synd eg berre hadde tid til å plukka litt i munnen i forbifarten.


Det vart tidenes sikkert mest mislykka sauesamling. Mange av sauene fann me ikkje, sjølv om me gjekk og gjekk og gjekk. Nokre av dei sauene me fann var så imot å koma heim, at dei tok til palings og forsvann. Og resten måtte me krangla med sidan dei gong på gong snudde nasen oppover att.




Til slutt kom me ned til hegna med halve flokken, skikkeleg møre og slitne, og skuffa men heldigvis ikkje heilt motlause. Det blir nok eindel fleire fjellturar i haust, ja.

Men dei lamma som kom heim var i alle fall flotte.





mandag 27. august 2012



Det er haust, eit anna drag i lufta. Med mange bjørker i hagen blir det mykje lauv. Her om dagen var terassen nesten dekka av lauv, og i den nysådde flekken i plenen får ikkje spirene stå aleine.



Kyrne har late dagar og netter ute. Nå er dei så vane med ferie at dei lea nesten ikkje på seg då eg var på beite og snakka med dei i går. Dei gav meg berre eit halvsløvt blikk; åja, er det berre deg..

Litt meir fart i dei som gjekk ned straumgjerdet i dag. Då var det bra å ha så god hjelp av Jonas og Tinka.

 



mandag 20. august 2012


Me har fått oss ein liten krabat, som me har store forhåpningar til. King. Han er snill og grei, og lærte fort at det ikkje er lov å hoppa på Rakel, så når han kjem bort til Rakel legg han seg heller ned. Rakel øver på å kommandera hundane, med 'Nei king, nei!' og av og til 'dekk'. King seier ho navnet på, men Tinka er bare vov-vov, slik som ho alltid har vore.