tirsdag 28. mai 2013

Det gjer godt med sol og varme dagar. Skogen er grøn, kyrne har fått koma ut og denne helga sov me i lavvo på plenen som burde klippast. Litt for mykje som skulle vore gjort, men det er viktig å ikkje berre gjera ting som må gjerast.

mandag 20. mai 2013

Denne helga har me hatt sommar. Med strålande sol og varm vind har me  kost oss skikkeleg ute. Me har bada i sjøen, (eg vassa og ungane bada skikkeleg,) me har ete is og nokon av oss har sove ute. Trærne har plutseleg blitt grøne, og graset strekker seg og dansar i vinden.

mandag 13. mai 2013

Kan det vera fisk? Kan det vera at me ikkje blir våte? Viss bare me når litt lengre ned, under brygga kanskje, i alle fall nedi vatnet...

mandag 6. mai 2013


Ei lita ei som likar å vera framfor kamera, så ho blir gjerne med på fotografering viss ho får lov.