onsdag 21. september 2016


Me var på lang ferie i sommar. Køyrde til Transylvania (Romania) for å besøka nokre venner.
Det vart mange dagar, mange land, mange mil og mange nye gode minner.

Då me reiste regna det, då me kom heim regna det, og regna hadde det gjort heime nesten heile tida me var vekke.


Me er ikkje så ofte utanfor Norge, og me pleier ikkje reisa verken langt eller lenge på ferie. Difor brukte me mykje tid på planlegging av turen, og likevel visste me ikkje heilt kva det eigentleg var me skulle.
5 dagar tenkte me at me skulle bruka på å køyra til Transylvania, så me bestilte overnattingar for denne delen av turen før me reiste heimefrå. Det var greit å vita kor me skulle stoppa og overnatta, men det vart litt lange dagsetappar. Med fire ungar går det ikkje akkurat fort å komma seg av stad om morgonen, og det gjekk heller ikkje fort med dopausar og matpausar.



Andre kvelden skulle me til Berlin for å overnatta. Me fann ut at me skulle stoppa og kjøpa middag før me kom fram, så me stoppa i ein liten landsby rett ved motorvegen. Der fekk me kjøpt oss mat, men då me skulle betala tok dei ikkje kort. Så då måtte dei store venta der, mens me køyrde 5 km til nærmaste minibank for å ta ut penger.

Tredje dagen skulle me overnatta i Brno, i Tsjekkia. Turen gjekk greit, og me trudde me skulle komma tidleg fram. Men då me nærma oss Brno vart det tordenvær og høljeregn, så i Brno sentrum møtte me stengde gater, kø og politidirigering av trafikken pga regnet. Her hadde me for sikkerhets skuld bestilt ein leilighet midt i sentrum, så me måtte gå nokre kvartal frå parkeringa. Då me endeleg kom fram til leiligheten var me trøytte, svoltne og klissvåte. Og så var det nesten bare McDonalds som ikkje hadde stengt etter kl 20 på ein søndags kveld. Men det var ein grei leilighet, og ein fin by. 
 

Sist me var i Romania, tok me fly til Bucuresti og køyrde nordover med leigebil. Noko av det flottaste me såg på vegen nordover frå Bucuresti var dei nesten endelause knallgule solsikkeåkrane. Eg hadde eit håp om sjå knallgule solsikkeåkrar no og, men fekk det ikkje heilt som eg ville. Solsikkeåkrar såg me noko av, men dei fleste var så langt komne at dei ikkje var knallgule lengre. Og så var det ikkje så lett å ta bilder av dei når me køyrde forbi på motorvegen...


Eit stykke inn i Ungarn tok me farvel med motorvegen. Etter kvart køyrde me midt gjennom landsbyane. Då var det eit heilt anna tempo, men også meir å sjå.


Innimellom såg me mykje mindre, på grunn av regnet, og andre gonger såg me litt meir på grunn av kø. 
Første heile dagen i Romania var ganske så våt i starten, med mange trafikkuhell og køar langs vegen. Me kom heldigvis ikkje oppi noko, og kom fram som planlagt.



Det var kjekt å koma tilbake til kjende trakter, sjå igjen landsbyane, landskapet, kuflokkar i bakkane langs vegen, hestekjerrer og vegar me har køyrt på før. 





Me hadde nokre fine dagar på besøk hjå vennene våre. Med godt lag, god mat, varme og sol og turar i nærmiljøet. Hyttetur, elvebading, grashopper, matlaging på bål, saueost, køyring på vegar som me ikkje alltid kunne køyra på, smaking av mineralvatn frå oppkommer, bading i mineralvatn, kyr i gatene, og ein smak av ungarsk/transylvansk landsbyliv.


























 

 


 Me fann ut at me måtte bruka litt lengre tid på heimvegen, og me fann overnattingsplassar etter kvart. Då valget stod mellom overnatting i Østerrike eller ein kort dagsetappe med overnatting i Ungarn, valgte me Ungarn. Der fann ein feriepark med hytter og egen 'innsjø'. Ungane sa etterpå at der må me overnatta også neste gong me skal køyra til Romania.





Turen nordover gjekk fint. Me fann fram, me fann overnatting, trafikken gjekk greit, og me nådde danskebåten tilbake til Norge.






Dyra heime hadde oppført seg fint mens me var vekke, og me var slitne men godt nøgde. Det er ikkje umogleg at me køyrer til Transylvania igjen ein gong.