søndag 19. juli 2015


Endeleg er det sommarferie frå kontorjobb og barnehage. Dei siste dagane har me hatt haustleg vær, så det kjennest ut som me har veldig sein ferie i år, men nå treng me i alle fall nokre veker i eit anna tempo.
Sist helg var me så heldige å få ein super hyttetur ilag med gode venner.






Me fann ut på torsdagen at me kunne klara å smyga inn ein tur før familieselskap laurdag kl 14. Så etter arbeid torsdag måtte me pakka til fjelltur og til selskap, og baka kake. Fredagen var flott. Laurdagen starta heimturen rett etter frukost for ungane og mødrene med dei minste på ryggen, medan fedrene tok oppvask, siste pakking og klargjering av hytta. Me fekk låna dusj i Etne før selskapet, og me var bare bittelitt seine til selskapet, men i god tid før maten..








mandag 6. juli 2015


I går gjekk turen til fjells, for å sjå korleis det står til med beite til sauene, som ennå går heime. Me køyrde til Tysseland denne gongen, og gjekk mot beitet, retning Sauda.



Herleg med sommartemperatur i lufta, og delvis sol. Veslesøster vart litt bilsjuk på veg innover, så ho fekk sitja på ryggen opp dei tyngste bakkane.


Då me var komne så langt at me nesten møtte stien me pleier å gå, skulle me over elva. Det er framleis snø i fjellet, så vatnet var kaldt, og gjekk til knes på oss vaksne, og då me kom over elva fann me ut at me var på ei halvøy av steinar så store at me ikkje kom over, så me måtte uti igjen for å komma rundt den største steinen.. Då var eg glad det var varmt i lufta, så me fort fekk varmen igjen i føtene.

 

Etter mat tok bonden turen vidare for å sjå beitet betre, medan me andre tok det litt rolegare. Dei store ungane bada i elva, slik store ungar gjerne gjer.


Då me skulle heimover måtte me ennå ein gong gå gjennom det kalde vatnet, men denne gongen klarte me oss med ei kryssing.



 
Alle var godt nøgde med ein flott tur. Kira sette pris på pause på heimvegen, og i bilen heimover sovna både Kira og dei to små, som nesten ikkje ville vakna for ein is i Sandeid. Men då dei fekk is vakna dei skikkeleg.