mandag 23. desember 2013

Kålrotstappa er i alle fall i rute.
Juletreet ventar på å få komma inn, nokre pakkar ventar ennå på innpakking, huset ser ut sånn omtrent bra nok, og klærne til i morgon finn me vel ut av. Bilen er i det minste ryddig, og i dag har me baka nokre fantastisk gode pepperkaker frå ny oppskrift. :)
Med ønskje om ei God Jul!

mandag 9. desember 2013


Etter eit forrykande vær med stengde vegar, straumstans i lange tider og godt med snø, fekk me ein strålande dag på laurdag. Ungane har venta lenge på snøen, så dei store var mykje ute i snøføyka på fredag òg, men laurdag var dei nesten ikkje til å få inn. Og det var ganske lurt, for etterpå har det regna.



mandag 2. desember 2013


Nå er det på tide med litt dyr igjen her på bloggen. Det har vel vore nok kjøkken for ei stund.
Dei store øver seg på mjølking, og det er ganske god hjelp å ha dei med seg i fjøset innimellom.




onsdag 27. november 2013


Bare litt meir kjøkken. Ein del av veggen er inntil vidare ein kunstvegg. Planen er å få opp ein fototapet med tida, men nå får ungane tegna på veggen. Bare her, og bare når me seier det er greit...



mandag 18. november 2013

Litt meir kjøkken, sidan det er det det har gått i her i det siste. Røyrleggar og elektrikar har gjort sitt, og me har flytta kjøkkenting ut av esker og boksar og inn i skuffer og skap. Me har fått plass til det me vil, og me har innvia kjøkkenet med middagslaging, oppvask og baking av boller, brød og pizza, og me har hatt gjester. :)
Eg tar meg i å stå og laga middag, og plutseleg komma på at me har lys over koketoppen, og kjøkkenvifte som virkar, den må eg skru på! Det er flott. Og så har me så god benkeplass at eg kunne laga middag medan ungane tok seg av utbaking av bollene.Me har det fint.

mandag 11. november 2013

Sidan internett forsvann for oss, og tok lang tid å få orden på, så har eg ikkje oppdatert her på ei stund. I mellomtida har kjøkken kome på plass. :) Veldig stor forandring, og me syns alle at det vart veldig fint og kjekt.
I dag har me venta på elektrikar og røyrleggjar for dei siste tilkoblingane, men dei kom ikkje i dag, så enn så lenge er det langt å gå etter vatn, og for å ta oppvasken. Difor ser ikkje kjøkkenet så strøkent ut akkurat nå... Håpar dei dukkar opp i morgon.



mandag 21. oktober 2013

torsdag 17. oktober 2013


Ei heilt utruleg flott helg til fjells!



Tenk så rike me er som kan gå til ei hytte i fjellet ei sånn hausthelg, og berre nyta det gylne landskapet, den friske lufta og det utruleg fine varme været. Då kan me tåla at mannen måtte heim for mjølking fredag kveld/laurdag morgon, og at han sprang etter nokre lam på dagen på laurdag.


Me fekk likevel utforska nærområdet, bygga varde på ein haug, ro på eit blikkstille vatn omgitt av solforgylte haustbjørker, setta garn og få raud og fin fjellaure...




mandag 7. oktober 2013

I dag var det rett og slett mørkt då eg køyrde til jobb. Med regn og vind i tillegg, så er det verkeleg haust. Haustfargane er også på plass.

mandag 30. september 2013

8-åringen ville ha bondegårdkake til selskapet. Her laga av brownies, med grønt marsipanlokk, hus av kvikk-lunsj og rundballar av marshmallows.

På laurdag var det kåring. Dei to store hadde begge flotte verlam på sine sauer, så dei var med og kåra sine lam. Når dei er godkjente får dei lilla øyreklype, og nokre få får også sløyfe.



I dag hadde me også barneselskap, og då kom haustens 4. kalv. Det var ein stor stut som måtte ha hjelp for å komma ut, og det var berre så vidt ungane hadde tid til å smake kaka. Bildet er av den stuten som kom på laurdag.

tirsdag 17. september 2013

Søndag reiste me ein tur til Voss, i 60-årsdag. Og så reiste me heimatt i går. Fantastisk landskap med veldig variabel veg, men noko av det kjekkaste med å køyra Sørfjorden er alle fruktborda i vegkanten. Nå var det masse plommer og epler... Fantastisk godt!
Om du ikkje er i Hardanger så er det også norske epler i butikkane nå.


Torsdag slakta me 30 lam, store og fine. To av dei tok me i retur, og me var innom slakteriet og henta kjøtet på veg heim frå Voss.
Så i går hadde me sjølvprodusert lammekjøt til middag, nesten rett frå fjellet, og nyplukka epler til dessert, direkte frå Hardanger. Kan det bli bedre?
Etterpå lagde me kjøttdeig av dei ukurante kjøttstykkene.


tirsdag 10. september 2013

Nå har sauene kome heim frå fjellet. Desverre fekk eg ikkje til å bli med på sauesamling i år, men Jostein har hatt god hjelp, og nå manglar me berre ein sau og fire lam. Dei fleste sauene kom heim laurdag kveld, så søndag morgon måtte me ut og inspisera. Jentene var ivrige på å snakka med sine sauer, og likte godt å gi dei ein smak av kraftfor.


tirsdag 3. september 2013

Hausten er komen, med mange fine dagar. Fredag var me borti gamlehagen og prøvde nokre eple. Der er nokre gamle epletre som står ennå, og dei er ganske fine å klatra i. Litt variabelt kor god eplehausten er. Denne Bramli-apalen pleier å gi godt med eple, og dei er kjempegode til matlaging. Litt sure å eta, og litt seine, så dei er ikkje modne på ei stund ennå, men eg ser fram til knallgode eplepaiar.

onsdag 21. august 2013

Kvardagane flyg av garde, med travle dagar på kontoret, skulestart og barnehage, skårfester, sauer som trekkjer ned fra fjellet til vegen og må hentast heim, og ikkje minst kulturskule. I dag var første time på fiolin. Stor stas og spennande tider.

tirsdag 13. august 2013

Sist veke slakta me 3 kyr. Resten av kyrne er bortreist på sommarferie på den garden me leiger, og kvigene har sommarbeite i utmarka. Så nå er det ganske roleg her heime. Berre nokre sauer, hønene, kattane og hundane som er rundt eller i tunet.
Sommaren er ennå ung, sa ungane her om dagen då dei ville bada litt meir. Men eg kan ikkje heilt sei meg enig i det. Det er eit anna drag i lufta, grågåsplogar har me sett fleire av, ferien min er slutt, andreslåtten er i god gang og skulestarten er rett rundt hjørnet.

mandag 5. august 2013

Torsdag reiste me på hyttetur. Det var noko tung bør, med m.a. 10 liter beis, mat for 4 dagar og ein 2,5-åring som berre delvis gjekk sjølv på innoverveg og sov seg heimover. Men det gjekk godt. Det vart ei helg med mykje vèr, med ein skikkeleg varm fredag, mykje vind og tildels mykje nedbør fleire dagar og ein heil del torevêr. Me fiska, bada, rodde tur, plukka blåbær og spelte eindel yatzy. Det var godt å vera i fjellet, og litlajentå ville absolutt ikkje heim i går.

tirsdag 30. juli 2013

Sist veke fortalde eg at me heldt på å gjelda av kyrne, sidan dei skal ha pause frå mjølkinga før kalving. Første morgonen utan mjølking troppa kyrne opp ved fjøset som vanleg. Ved ein glipp var ikkje grinda skikkeleg lukka igjen, så då gjekk sjølvsagt kyrne ut på tunet og bort i ekra... Me oppdaga dei før dei var komne langt, og det er god hjelp i hundane, så me trong ikkje springa så veldig mykje for å få dei på plass.

Brunosten som vart kokt, kan ikkje heilt måla seg med den me fekk til sist gong, men den er godt etande. Den kvite osten har me laga salatost av, som ligg i olje med kvitløk og peppar. Den har me ikkje smakt på ennå..

Sjøen har fått ganske så bra temperatur, og med fleire varme dagar har ungane blitt stadig betre symjarar.

Her ei natt var det mykje av både regn og vind, og då me kom ut i hagen var der eit rotvelta tre, som hadde lagt seg på hønshuset. Så då måtte me skoga litt i hagen òg, ikkje berre på taket.

Dagen fortsatte med vind og god kletørk, men eg ser eg treng fleire kleklyper, ja.

Elles har me plukka markjordbær på taket, og me har smakt på salaten frå åkeren.
Nokon av oss har fiska, og plukka vannliljer, og me har vore hjå legevakten med ein fiskekrok i fingeren.Hjå ein lege som ikkje forstod kva ein fiskekrok var, så det vart noko plundrete.
Me har funne nylagt egg i barnevogna utføre huset,  og me har feira 70-årsdag. 
Sommarvasking av fjøsen er i gang, og beis til huset er innkjøpt, mm.

tirsdag 23. juli 2013

Ferietid, sommarvarme, sol og fint vær og badetemperatur i sjøen.
Kyrne held me på å avgjelda, så i dag har Jostein kokt ost. Alltid litt spennande for oss som prøver oss fram, å sjå korleis resultatet blir.
Eg har hatt sommarreingjering hjå hønene, ein særdeles støvete fornøyelse. :)

mandag 15. juli 2013


Eg greier ikkje heilt å gi slepp på feriebildene ennå. Her er eit glimt frå det gamle 'mormorhuset'. Eit hus fullt av historiar og minner. Ikkje minst for dei som har budd eller feriert her.
Men eg har også minner herifrå, etter eit besøk for eindel år sidan... hm..

tirsdag 9. juli 2013


Her kjem nokre fleire glimt frå Sørfold.
Kanskje den varmaste av dagane me var der hadde me båttur utover fjorden. Me fylte tre båtar og hadde ein nydeleg dag. Det vart ikkje fisking den dagen, men det vart bading, og mykje fint å sjå. Fantastiske fjell, kvite sandstrender og veglause grender.
Til og med eg klarte å bada i sjøen..




fredag 5. juli 2013

ferie

I går kveld kom me heim frå ei fantastisk veke i Nord-Norge. Me har vore på slektstreff i Sørfold i Nordland, og me var knall-heldige med alt! Været var strålande med sommarvarme og sol nesten heile tida, masse god mat - mest fisk, flott natur og ikkje minst flotte folk som tok imot oss.
Fisking og tur på fjorden, og kveldsstunder i fjæra med bål og godt lag, fersk sei, smak av tradisjonsmat som feitlefs og gammelsei, og nydeleg grilla kvalbiff.
Me fekk til og med tid til litt fjellturar...  Kan det bli bedre?

mandag 24. juni 2013


Når sauene skal til fjells leiger me transport hjå Nortura, og då skal det passast inn med deira henting av slaktedyr etterpå. I år var me så heldige at fjellsendinga vart på ein dag med varme og strålande sol. Ikkje den varmaste dagen, men ein fantastisk flott dag til fjells. Det vart jamvel bittelitt bading i ein bekk på veg ned.

Då me kom heim lagde ungane middag med fiskepakkar på bålpanna, med eigen fangst frå vatnet her heime.


mandag 17. juni 2013


Siloane er demontert etter ca 30års tjeneste. Kyrne beitar nesten alle ekrer her heime, og leigejorda blir balla, så dei gjorde ikkje så stor nytte lengre. Litt godt å få vekk siloane som har så mange faremoment. Nå har me eit nesten to meter høgt tett gjerde/vegg i fôrrommet. Jonas syns det var litt dumt at han ikkje kunne vera med i siloen meir, men då eg klipte plenen visste dei råd. Dei rakte saman plengraset og heiv det oppå trampolinen. Faktisk mykje bedre enn å hoppa i siloen. Det kjem sikkert til å bli gjentatt , sjølv om det var ganske arbeidsomt å greia gras ut av håret...


mandag 10. juni 2013


Graset gror, og hurra for det! Og så var det denne plenen som skulle klippast.. Litt for lite energi gir mykje nedprioritering, og med problematisk nakke og hovud er det enkelte ting som automatisk ikkje er aktuelt å gjera. Men det kan jo vera flott med løvetann, til sitt bruk, og litt blomstereng gir ein veldig fin variasjon.