søndag 12. juni 2016


I går var dagen for å følgja sauene til fjells. I alle fall nokon av dei. Me reiste mannsterke; bonden, eg, størstejenta og toåringen, i tillegg til King.


Sauene var klare for fjellet, og dei gjekk fint.





Toåringen var skeptisk då me lesste sauer i bil og hengar heime, men frå eg svingde bæremeisen opp på ryggen var han begeistra. Han sat med god utsikt, peikte på sauene og snakka og fortalde; pappa der e hauer. Han er ekko for tida, og var ivrig på å ropa høgre og dekk til King. Han såg på lamma som hoppa innimellom og fann fort ut at det var kjekt å sitta og hoppa i bæremeisen..








Då me gjekk nedover til bilen etterpå var toåringen litt bekymra for at sauene var igjen på fjellet, han ville helst hatt dei med heimatt. Og då bonden spurde han i dag om me skulle til fjells med sauer i dag og, var han heilt klar for tur. Ikkje akkurat blid då han forstod at det ikkje var aktuelt...










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar