tirsdag 25. desember 2012


Lyset skin i mørkret,
          og mørkret har ikkje overvunne det.
Bibelen, Johannes 1,5

tirsdag 18. desember 2012


Eg gjekk forbi ein busk full av nyper. Bare nakne greiner og frosne nyper.
Inntørka og skrukkete, ikkje direkte slåande vakkert, kanskje.
Skulle kanskje heller lagt ut bilde av snøtung eventyrskog, stjernehimmel og solnedgang.
Men eg syns nå desse nypene var vel så spennande å ha på bilde.
Ein liten, stillferdig fargeklatt.

mandag 10. desember 2012

Tid for julekort. Ja, me er alltid litt seint ute, det er ikkje alltid så lett å finna tid til alt som skal gjerast. Men i dag var altså dagen kommen for fotografering til julekort.
Dette bildet er ikkje Julekortbildet med stor J, men det syner korleis fotograferinga gjekk føre seg. Ekstra stas å gjera ablegøyer med ei lita hermegås på laget...
Elles så er me godt i gang med presangar, nokre er alt avlevert, og me har bakt kakemenn og peparkaker. Kakemenn lagde me ganske mange av, men dei minkar fort på mystisk vis...

mandag 3. desember 2012


Snø.
Det er noko magisk med snøen. Alt blir så mykje lysare og lettare når snøen kjem. Sjølv om det er kaldt, og eg er ein frostpinne som ikkje likar å fryse, så er det så flott med snøen, at eg berre må lika det. Å trø ute i snøværet, med eller utan ski, og innimellom få eit solglimt, det er jo så flott! Eller gå ute om kvelden, med knirkande snø under føtene, frost som bit, og ein fantastisk stjernehimmel...
Det er jammen flott med skikkeleg vinter. Og så har eg veldig mange flotte turminne som inneheld snø. :)
På same tid så er det veldig greit i vår travle kvardag når det er mildvær, og me slepp å pakka oss inn i mange lag ull, skrapa is av bilen, måka snø og kjøra på glatte vegar. Men det er jo ganske mørkt og kjedeleg med regnvintervær.

Eg treng den magiske snøen.

På fredag var eg og Jostein til fjells att, for å sjå etter dei bortkomne kvigene. Då gjekk me i 15cm nysnø, snøbyger og eit fantastisk vinterlandskap... Me fann ikkje kviger, berre hjort, men me hadde ein nydeleg tur.
Laurdag og søndag var det aking i bakkane heime.


onsdag 28. november 2012


Det er travle tider, og mykje innetid. Dei siste dagane har eg vore på kurs på dagtid, og hatt fullt program på ettermiddagane. Håpar på ei fin helg med mykje utetid. :)

mandag 19. november 2012


Det er skikkeleg haustleg for tida, med mykje vind og regn og mørkt og kaldt. Slik som i dag har det regna og regna og regna, og skydekket er så tjukt og tungt at det har nesten ikkje vore skikkeleg dagslys. I går fekk eg innvilga ein tur for meg sjølv, i ruskaver med glimt av sol, og flotte skyer. Og så er det jo ekstra godt å komma inn og varma seg med fyr i omnen.

tirsdag 13. november 2012

sko


Desse fabelaktige skorne kjøpte eg i Steinkjer i 1996.
Dei har gått mangfoldige mil, og varma føtene mine mangfoldige timar.
Dei har vore imponerande stødige på knallharde, nybrøyta Steinkjerfortau, og på is og i slaps.
Dei har vassa gjennom snø som dei ikkje såg over, og dei har knirka så flott i sprengkald midtvintersnø...
Etter me flytta sørover att har dei hatt det litt rolegare, ikkje ganske så kaldt, ikkje ganske så lange vintrar, og ikkje så mykje vandring.
Men dei har trufast varma føtene mine til og frå jobb, og medan eg har skrapa islagde ruter på bilen. Og sjølvsagt har dei vore med ut på tur her og, sjølv om det ikkje har vore så travelt som då me budde i Steinkjer.

Men nå er det slutt, eg har kjøpt meg nye vintersko.
Så nå går desse i søpla, snart...