tirsdag 10. februar 2015


Helga for to veker sidan var Jostein til fjells ilag med bror sin.
Eg syns det er flott at han reiser til fjells, men eg kjende på frustrasjon over at eg heller ikkje denne gongen kunne bli med. Igjen sat eg att heime, denne gongen utan bil, og utan energi til å gjera noko spennande ilagmed ungane.

Veka etterpå såg Jostein eit tilbud på pulk/sykkelvogn, og spurde om me skulle kjøpa den og ta ein tur til Nonsbu heile familien? (Eigentleg eit dårleg teikn at me ikkje har skaffa oss pulk for lenge sidan, men..) Eit slik forslag var klingane musikk i mine øyre, så eg sa JA, og reiste på butikken tidleg neste dag for å kjøpa pulk. Der hadde dei ikkje fått inn denne pulken som dei hadde tilbud på, men etter litt om og men, fekk me kjøpt den etter kvart. Værmeldinga var lovande og hjertene gleda seg. Ungane hosta, og nettene var ikkje dei beste, værmeldinga forverra seg noko, og tvilen kjempa mot lengten etter fjellet.

Onsdag gjekk Jostein inn til hytta med proviant, eg sydde sitteunderlag av reinsdyrskinn og ullteppe til å ha i pulken, torsdag pakka me, og me ba dei store fri frå skulen fredag. Værmeldinga sa flott fredag, dårleg laurdag og ok søndag. Og så reiste me, fredag morgon.


Sola skein frå blå himmel, nesten ikkje eit vindpust å kjenna, føret var bra og dagen var makalaus. Me brukte god tid inn til hytta, hadde gode pausar og pulken virka bra for både førar og passasjerar.
Etter fem timar ute på ski var det godt å koma fram til hytta, fyra og laga mat.

Laurdag var været veldig skiftande, med mykje luft og snø, men og glimt av sol. Me heldt oss i og rundt hytta, fyrte og hadde det varmt og godt.



Søndag prøvde me å koma tidleg ut døra, sidan værmeldinga lovde snø og etter kvart regn utover dagen.


Me kom ikkje så langt før det vart godt med snø i lufta, så det vart ein kvit tur, med kort matpause. Dei i pulken hadde det lunt og godt, men syns det var lang nok tur i ruskaværet.
Etterpå smakte det godt med middag og kake på Rygg hjå bror til Jostein, før me fortsette heim til eit iskaldt hus.


Alt i alt hadde me ein makalaus tur, med mykje vær og mange flotte opplevingar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar